Camilla Carstens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Camilla Carstens
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. februar 1977 (47 år)
Noreg
Yrke handballspelar

Camilla Carstens (fødd 6. februar 1977) er ein norsk tidlegare handballspelar som vart europameister i 1998. Ho spelte 13 landskampar og skåra 12 mål i tida 1998-2000.

Carstens spelte på Fjellhammer IL før ho melde overgang til franske Metz. Sidan var ho aktiv på danske lag, fyrst Ikast i tida 1998-2001 og sidan på Kolding IF, heile tida som rykkrom-spelar.

Carstens debuterte på landslaget i oktober 1998. Ho var med i den norske troppen som vann handball-EM 1998, utan å få mykje speletid i meisterskapen. To år seinare deltok ho også for Noreg i handball-EM i Romania, men vart som i 1998 sitjande mykje på innbytarbenken.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]