Handball-EM 2000 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europameisterskapen i handball 2000 for kvinner, den 4. i rekka, vart avvikla i tida 8. til 17. desember 2000 i Romania. Ungarn vann EM-pokalen etter finalesiger 32 – 30 over Ukraina. Russland sikra seg bronseplassen. 12 land var kvalifisert og deltok i turneringa.

Turneringa[endre | endre wikiteksten]

Meisterskapen vart arrangert med gruppespel à seks lag i to grupper. Deretter var det semifinalar med dei to beste laga i avdelingane, og til sist bronsefinale og finale. Noregs lag med mange meisterskapsdebutantar enda på sjetteplass etter å ha tapt plasseringskampen mot Frankrike med 19 – 23. Turneringskampane fann stad i Bucuresti og Râmnicu Vâlcea.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Romania – Ungarn 24 – 25
  • Ukraina – Russland 28 – 24

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen fann stad i Bucuresti med 4 000 personar på tribunane. Ved pause leia Ungarn med 17 – 13. I den andre omgangen var det ungarske laget oppe i ei seksmålleiing, før Ukraina snudde kampen og tjue sekundar før slutt gjekk opp i 26 – 25. Ungarns storskyttar Ágnes Farkas utlikna til 26 – 26 før ordinær tid var ute. Same Farkas avgjorde finalen til Ungarns fordel i andre ekstraomgang og syrgde for siger 32 – 30.

Ágnes Farkas skåra 14 mål for Ungarn i finalen og var den dominerande aktøren i kampen. Resten av dei ungarske nettkjenningane kom frå Nikolett Brigovácz (4), Erika Kirsner (4), Beáta Siti (4), Anita Kulcsár (3), Ildikó Pádár (2), Anikó Kántor (1) og Beatrix Kökény (1). Katalin Pálinger vakta målet.

Flest mål for Ukraina kom frå Tetjana Jaresko med 7 skåringar.

Finalddommarane Ion Serbu og Viorel Dobre frå Romania straffa Ungarn med fire utvisingar og Ukraina med to.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]