Handball-EM 1998 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europameisterskapen i handball 1998 for kvinner, den 3. i rekka, vart avvikla i tida 11. til 20. desember 1998 i Nederland. Noreg vart europameister for aller fyrste gong etter finalesiger 24 – 16 over Danmark. Ungarn sikra seg bronsemedalje. 12 land var kvalifisert og deltok i turneringa.

Turneringa[endre | endre wikiteksten]

Meisterskapen vart arrangert med gruppespel à seks lag i to grupper. Deretter var det semifinalar med dei to beste laga i avdelingane, og til sist bronsefinale og finale. Turneringskampane fann stad i Amsterdam og 's-Hertogenbosch.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Austerrike – Danmark 24 – 35
  • Noreg – Ungarn 28 – 14

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen fann stad i Amsterdam framom 3 600 tilskodarar. Noregs lag tok kommandoen frå start. Gjennom framifrå forsvarsspel og kvikke angrep leia dei norske kvinnene 13 – 7 ved pause. Andreomgangen heldt fram i same sporet, så ved full tid hadde Noreg auka til ein åttemålssiger. På eit noko ujamt norsk lag utmerkte målvakta Heidi Tjugum og Else Marthe Sørlie seg med «fabelaktig» spel, meinte Dagsavisen.

Det historiske norske mannskapet bestod av målvaktene Cecilie Leganger og Heidi Tjugum, målskårarane Else Marthe Sørlie (7), Kjersti Grini (5), Trine Haltvik (3), Mia Hundvin (3), Mette Davidsen (2), Ann Cathrin Eriksen (2), Tonje Larsen (1), Sahra Hausmann (1). Elisabeth Hilmo og Janne Tuven sat på benken i finalen, medan Jeanette Nilsen, Camilla Carstens og Siv Heim Sæbøe deltok i gruppespelkampar.

Tonje Kjærgaard og Karen Brødsgaard vart danske toppskårarar, kvar med tre nettkjenningar.

Vlado Pendic frå Serbia og Radomir Majstorovic frå Montenegro dømde finalekampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]