Cap-Haïtien
Cap-Haïtien | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 53 500 000 km² | ||
Folketal | 190 289 (2013) | ||
![]() Cap-Haïtien | |||
Wikimedia Commons: Cap-Haitien | |||
Cap-Haïtien (haitisk Okap eller Kap Ayisyen) er ein by på nordkysten av Haiti. Byen hadde i 2005 eit estimert innbyggjartal på 134 815. Han er hovudstaden i departementet Nord. Under kolonitida heitte han «Cap-Français».
Dei sentrale delane av byen ligg mellom Cap-Haïtien-vika i aust og nærliggjande fjellsider i vest. I desse fjellsidene finn ein hovudsakleg brakkebyar. Gatene er generelt sett smale og arrangerte i rutenett.
Den vesle flyplassen rett sørvest for byen vert brukt av ein rekkje små innanriksføretak. Ei internasjonal linje flyg til Fort Lauderdale i Florida.
Den store avstanden til hovudstaden Port-au-Prince i kombinasjon med det dårlege vegnettet har ført til at Cap-Haïtien stadig har vore arnestad for opprør. I februar 2004 vart byen teken over av kuppmakarar som var imot regjeringa under president Jean-Bertrand Aristide, og opprøret førte etter ei tid til at Aristide mista makta.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
-
Sans-Souci-palasset
-
Rådhuset
-
Cruiseskip i byen
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Cap-Haïtien» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 6. april 2010.