Cape Adare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 71°17′S 170°14′E
Cape Adare
nes
none  Kart over Cape Adare
Kart over Cape Adare
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Victoria Land
 - koordinatar 71°17′S 170°14′E
Administrert under Antarktistraktaten
Cape Adare is located in Antarktis
Cape Adare (Antarktis)

Cape Adare er den nordaustlege halvøya i Victoria Land i Aust-Antarktis. Neset skil Rosshavet i aust frå Sørishavet i vest, med dei høge Admiralty Mountains bak. Cape Adare var ein viktig ilandstigingsstad og base under den tidlege historia til Antarktisutforsking.

Adeliepingvinar ved Cape Adare
Borchgrevink si hytte frå 1899 med pingvinar kring.
Adeliepingvinar på isen ved Cape Adare. Foto av George Murray Levick, 1911 eller 1912.

I februar 2007 vart det brann ombord på den japanske kvalbåten «Nisshin Maru» i Rosshavet. Fartøyet dreiv utan motorkraft i nokre dagar medan motorane vart reparert, og det var uro over at skipet var for nær Cape Adare.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kaptein James Ross oppdaga Cape Adare i januar 1841 og namngav han etter venen vicomte Adare (tittelen kjem frå Adare i Irland).

I januar 1895 gjekk dei norske oppdagarane Henrik Bull og Carsten Borchgrevink frå skipet «Antarctic» i land ved Cape Adare som den første dokumenterte landgangen i Antarktis, og samla geologiske prøvar. Ekspedisjonen var finansiert av Svend Foyn, og hovudformålet var å kartlegge kvalførekomstar i Sørishavet. Borchgrevink vendte attende her som leiar av Southern Cross-ekspedisjonen i 1899 og oppførte to hytter – dei første menneskelege byggverka på det antarktiske kontinentet. Ekspedisjonsmedlemmane overvintra og vart henta ut i januar 1900, med unntak av zoologen Nicolai Hanson som døydde under overvintringa og vart gravlagd ved Kapp Adare. Dette var den første ekspedisjonen som nokon gong overvintra på det antarktiske kontinentet.

Den første bygningen reist av Carsten Borchgrevink ved Cape Adare var prefabrikkert av furu og bygde av norske Strømmen Trævarefabrikk. Hytta står her framleis og er internasjonalt anerkjend som ein historisk viktig stad. Hyttene og andre historiske spor, inkludert grava til Nicolai Hanson, er oppført på Antarktistraktaten si liste over historiske stader og kulturminne i Antarktis.[1]

Nordlaget under Terra Nova-ekspedisjonen til Scott overvintra på Cape Adare i 1911 og 1912. Dei reiste ei hytte, men denne ligg i dag i ruinar.

Den næraste forskingsstasjon i moderne tid var Hallett Station, ein felles stasjon for New Zealand og USA ved Cape Hallett, 101 km lenger sør. Denne basen var i bruk frå 1957 til 1973.

Australian Bicentennial Antarctic Expedition drog ut frå Cape Adare for å klatre Mt. Minto i 1988. Støttefartøyet til ekspedisjonen var ankra opp ved isbremmen i bukta og hadde radiokontakt med klatrarane under turen opp.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Den største adeliepingvin-hekkeplassen i verda finst på Cape Adare.[2] Den einaste studien av denne kolonien vart gjort av George Murray Levick,[2] som var medlem av Scott-ekspedisjonen 1910–13 og observerte heile hekkesyklusen i 1911 og 1912.[3] Han var motvillig til å publiserte oppdagingane sine på grunn av uvanleg åtferd som homoseksualitet, seksuelle og fysiske overgrep på kyllingar og paring med døde pingvinar.[3] Han skildra det som «forderva». Rapporten vart rekna for å vere for sjokkerande for ålmenta på den tida og heldt attende. Dei einaste eksemplara av rapporten som kom ut var skrivne på gammalgresk for å hindre at kunnskapen var viden kjend. Etter at rapporten vart tapt, vart han funnen att og publisert i Polar Record først i 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Historic Sites av Antarktis
  2. 2,0 2,1 «Shock at sexually ‘depraved’ pingvinar led to 100-year censorship». The Week. 10 June 2012. 
  3. 3,0 3,1 McKie, Robin (9 June 2012). «'Sexual depravity' of penguins that Antarctic scientist dared not reveal». Guardian.co.uk.