Cape Crozier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cape Crozier
nes
Utsikt austover frå Cape Crozier.
Foto: Akvarell av Edward Wilson
Land  Antarktis
Stad Ross Island
 - koordinatar 77°30′S 169°20′E / 77.500°S 169.333°E / -77.500; 169.333
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Cape Crozier
77°30′00″S 169°19′59″E / 77.5°S 169.333°E / -77.5; 169.333
Cape Crozier er det austlegaste punktet på Ross Island i Antarktis
Cape Crozier er det austlegaste punktet på Ross Island i Antarktis
Cape Crozier er det austlegaste punktet på Ross Island i Antarktis
Cape Crozier is located in Antarktis
Cape Crozier (Antarktis)
Wikimedia Commons: Cape Crozier

Cape Crozier er det austlegaste neset på Ross Island i Antarktis. Det vart oppdaga i 1841 under ekspedisjonen til James Clark Ross med HMS «Erebus» og HMS «Terror», og vart kalla opp etter Francis Crozier, kaptein på HMS «Terror». Den utdøydde vulkanen Mount Terror, som òg fekk namn under Ross-ekspedisjonen, stig bratt opp frå neset til ei høgd på 3230 meter over havet,[1] og kanten av Rossisen som strekkjer seg austover.

Første landgang, 1902[endre | endre wikiteksten]

Discovery-ekspedisjonen leia av Robert Falcon Scott var dei første til å gå i land på neset, den 22. januar 1902. Eit lag frå RRS «Discovery» gjekk i land med ein lettbåt på ei steinete strand litt vest for neset. Det vart sett opp ein postkasse der som ein kunne legge meldingar i for framtidige støtteskip. Scott, Edward Wilson og Charles Royds klatra opp til eit utkikkspunkt der dei kunne sjå Rossisen og dei kunne òg sjå ein stor koloni med adeliepingvinar som heldt til i det isfrie terrenget kring neset.

Terra Nova-ekspedisjonen, 1910-13[endre | endre wikiteksten]

Kaptein Scott vurderte seriøst Cape Crozier som base for den andre ekspedisjonen hans til Antarktis.[2] På den førre turen hadde «Discovery» lege fastfrosen i isen i McMurdo Sound i nesten to år, og hadde berre så vidt kome unna i februar 1904, noko som førte til ein dyr redningsoperasjon og noko vanære for Scott. Kring Cape Crozier var det ingen fare for at «Terra Nova» skulle fryse fast, men den opne staden gjorde at det var vanskeleg å setje i land varer og mannskap, og basen ville vere utsett for uvêr, og landruta til isbremmen var problematisk. Scott valde derfor å reise attende til McMurdo Sound for basen sin, men valde ein ankerplass lenger nord (Cape Evans).

Vinterreisa, 1911[endre | endre wikiteksten]

Wilson ønskte å halde fram forskinga på keisarpingvinar på fosterstadiet, og trengde egg på eit tidleg stadium av inkubasjonen, noko som tydde at dei måtte samle dei inn midt på vinteren. I den zoologiske delen rapporten publisert etter Discovery-ekspedisjonen forslo han ei «vinterreise» for å hente egga.[3] Reisa vart godkjend av kaptein Scott,[4] og utført mellom 27. juni og 2. august 1911 av Wilson, Apsley Cherry-Garrard og Henry Robertson Bowers. Cherry-Garrard seinare skildra reisa i boka si The Worst Journey in the World (Den verste reisa i verda). I vintermørkret og ekstreme vêrtilhøve gjekk reisa både sakte og var særs farleg, men trass i dette vart det henta inn tre egg som seinare vart presentert av Cherry-Garrard til Natural History Museum.[5] Det vitskaplege utbyttet av reisa viste seg til slutt å ha liten verdi.[6]

Avgrensa stad[endre | endre wikiteksten]

Cape Crozier er ein del av eit avgrensa område som krev spesialløyve til å vitje. Staden har status som Site of Special Scientific Interest klassifisert av SCAR (Scientific Committee for Antarctic Research). Cape Crozier har ein av dei største adeliepingvinkoloniane i verda (~150 000 hekkande par), ein mindre keisarpingvinkoloni (~600 hekkande par), og ein av dei største sørjokoloniane i verda (~1 000 hekkande par).[7] Her finst òg fleire sjeldne artar lav.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Edward Wilson's Discovery diary: Map p290 estimates height @ 10.775 ft
  2. Scott's Last Expedition Vol 1 s. 17-18
  3. Seaver, pp 247-48
  4. Scott's Last Expedition, Vol 1 p334
  5. Cherry-Garrard, Worst Journey pp351-53
  6. http://www.nhm.ac.uk(Nature Online/Science of Natural History/Expeditions collecting)
  7. SCAR » ASPA 124