Keisarpingvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Keisarpingvin

Status i verda: LC Livskraftig

Keisarpingvin, Aptenodytes forsteri Foto: Samuel Blanc
Keisarpingvin, Aptenodytes forsteri
Foto: Samuel Blanc

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Sphenisciformes
Familie: Spheniscidae
Slekt: Aptenodytes
Art: A. forsteri
Vitskapleg namn
Aptenodytes forsteri
Keisarpingvin
Namn på andre språk
Svensk Kejsarpingvin
Dansk Kejserpingvin
Engelsk Emperor Penguin
Tysk Kaiserpinguin
Fransk Manchot empereur
Spansk Pingüino emperador
Russisk Imperatorskij pingvin (Императорский пингвин)
Aptenodytes forsteri

Keisarpingvin (Aptenodytes forsteri) er den største og tyngste av alle nolevande pingvinarter og er endemisk til Antarktis. Kjønna er mykje like i fjørdrakt og storleik, ca. 122 cm i høgd og med vekt frå 22 til 37 kg. Ryggsida er svart og med klår overgang til den kvite buksida. Brystet er bleikgult og han har lysegule øyreflekker. Han er ein straumlinjeforma kropp utan flygeevne, men vengene er forma som flate, stive luffar vel egna for symjing og marint levevis.

Fisk gjer ut for storparten av dietten, som òg kan inkludere krepsdyr som kril og blekksprutar. Det er observert at keisarpingvinar gjer dukk ned til djupner på over 500 meter og kan vere under vatn i opptil 18 minutt. Dei har mange tilpassingar for å meistre dette, inkludert eit uvanleg strukturert hemoglobin som gjev dei god funksjonsevne med lågt oksygennivå, solid skjelett som avgrensar trykkskilnadsskadar, barotrauma, og evna til å redusere stoffskiftet og stenge av uvesentlege organfunksjonar.

Keisarpingvinar er kanskje mest kjente for det årlege vandringsmønsteret vaksne fuglar gjer for å skaffe føde til avkommet. Dette er einaste pingvinarten som hekkar i den antarktiske vinteren, dei vandrar 50-120 km over isen og samlar seg i hekkekoloniar som kan innehalde tusenvis av individ. Hofuglen legg eitt egg og vandrar deretter til havet for å beite. I mellomtida rugar hannfuglen. Seinare vekslar foreldra mellom omsorg for ungen i kolonien og matauke til havs. Levetida er typisk 20 år i naturen, men observasjonar tyder på at enkelte individ kan oppnå 50 år i levealder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Keisarpingvin
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.