HMS «Erebus»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå HMS «Erebus» (1826))

Eit av skipa under den siste ekspedisjonen til sir John Franklin
Karriere (Storbritannia)  Storbritannia
Namn: HMS «Erebus»
Verft: Pembroke dockyard i Wales
Sjøsett: 1826
Lagnad: Forliste i Victoria Strait i Canada,
22. april 1848[1]
Generelle mål
Klasse og type: Bombefartøy av Hecla-klassen
Deplasement: 726,8 tonn[2]
Lengd: 32 m
Breidd: 8,8 m
Framdrift: Segl
dampmaskin
Mannskap: 67
Utrusting: 1 × 13 tommar bombekastar,
1 × 10 tommar bombekastar,
8 × 11 kg kanonar,
2 × 2,7 kg kanonar

HMS «Erebus» var eit bombarderfartøy designa av sir Henry Peake og konstruert av Royal Navy ved Pembroke Dock i Wales i 1826. Fartøyet vart oppkalla etter den mørke regionen i Hades i gresk mytologi, kalla Erebus. Skipet på 372 tonn var utstyrt med to bombekastarar – éin 13 tommar (330 mm) og éin 10 tommar (250 mm) – og ti kanonar.

Ross-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Etter to års teneste i Middelhavet vart «Erebus» ombygd til eit ekspedisjonsskip for Antarktika, og 21. november 1840 – med James Clark Ross som kaptein – forlét skipet Tasmania og sette kursen mot Antarktika saman med HMS «Terror». I januar 1841 gjekk mannskapet på begge skipa i land på Victoria Land, og byrja å namngje landskapet etter britiske politikarar, vitskapsfolk og folk dei kjende. Mount ErebusRoss Island vart oppkalla etter skipet.

Dei oppdaga sidan Rossbarrieren, som dei ikkje var i stand til å trenge gjennom, og følgde han austover til slutten på sesongen tvinga dei til å vende tilbake til Tasmania. Den etterfølgande sesongen, i 1842, fortsette Ross å kartleggje «den store isbarrieren», som han vart kalla, ved å følgje han sørover. Dei to skipa returnerte til Falklandsøyane før dei igjen vende tilbake til Antarktis i 1842–43–sesongen. Skipa gjennomføret studium av magnetisme, og returnerte med oseanografiske data og samlingar av botaniske og ornitologiske prøver. Fuglar som vart samla på den første ekspedisjonen vart skildra og illustrert av George Robert Gray og Richard Bowdler Sharpe.

Franklin-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Franklins fortapte ekspedisjon.

For den neste reisa, til Arktis under Sir John Franklin, vart «Erebus» og «Terror» utstyrt med 20 hk (15 KW) dampmaskin (ombygd frå jarnbanelokomotiv) og fekk forsterka skroget med jernplater. Sir John Franklin segla med «Erebus», og hadde den totale kommandoen over ekspedisjonen, medan «Terror» igjen var under leiing av Francis Crozier. Ekspedisjonen vart beordra til å samle magnetiske data i det kanadiske Arktis, og å fullføre ei kryssing av Nordvestpassasjen som allereie var vorte kartlagt både frå aust og vest, men som aldri hadde vorte heilt utforska.

Skipet vart sist sett i Baffinbukta i august 1845. Forsvinninga av Franklin-ekspedisjonen utløyste ein massiv leiteaksjon i Arktis. Dei fulle omstenda kring lagnaden til ekspedisjonen vart først avslørt då legen John Rae, frå Hudson's Bay Company, samla gjenstandar og vitnesbyrd frå dei lokale inuittane i 1853. Seinare ekspedisjonar fram mot 1866 stadfesta desse rapportane.

Begge skipa hadde vorte fanga i isen, og hadde vorte forlate av mannskapa sine, totalt rundt 130 menn. Heile mannskapet døydde seinare av ei rekkje årsaker, mellom dei hypotermi, skjørbuk og svolt, medan dei freista å gjere den lange reisa mot sør. Seinare ekspedisjonar fram mot slutten av 1980, inkludert obduksjon av mannskapet, avslørte òg at deira simple hermetiserte rasjonar kunne ha vorte smitta både av bly og botulisme. Munnlege rapportar frå dei lokale inuittane om at einskilde av mannskapet skal ha tydd til kannibalisme var noko av det som vart støtta av dei rettsmedisinske bevisa etter at det vart funne kuttmerke på skjelettrestar på mannskapet som vart funne på King William Island mot slutten av 1900-talet.

Restane av skipa er enno ikkje funne, men er oppført av Parks Canada som ein nasjonal historisk stad.[3][4]

15. august 2008 annonserte Parks Canada, eit byrå i den kanadiske regjeringa, ein leiteaksjon som skulle vare i seks veker og der målet var å finne dei to skipa ved hjelp av isbrytaren CCGS «Sir Wilfrid Laurier». Søket vart òg trudd å vere eit ledd for å styrke Canadas posisjon i suverenitet over store delar av Arktis.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fleming, Fergus (1998). Barrow's Boys. New York: Grove Press. s. 415. ISBN 0-8021-3794-6. 
  2. A treatise on the screw propeller: with various suggestions of improvement, Appendix, Table I, John Bourne, 1852
  3. National Historic Sites of Canada System Plan, arkivert frå originalen 24. september 2005, henta 25. november 2012 
  4. National Historic Sites of Canada System Plan map, arkivert frå originalen 29. mai 2006, henta 25. november 2012 
  5. Parks Canada to lead new search for Franklin Ships, arkivert frå originalen 22. august 2012, henta 25. november 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]