Cape Garcia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 65°44′S 64°40′W
Cape Garcia
nes
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 65°44′S 64°40′W
Administrert under Antarktistraktaten
Cape Garcia is located in Antarktis
Cape Garcia (Antarktis)

Cape Garcia er eit nes ved nordsida av innløpet til Barilari Bay, på vestkysten av Graham Land i Antarktis. Neset vart oppdaga og namngjeve «Cap Loqui» av Den franske antarktisekspedisjonen, 1903–05, under Jean-Baptiste Charcot. Samstundes kalla Charcot det sørlege neset ved bukta «Cap Garcia», etter kontreadmiral Garcia i Den argentinske marinen. Karta til Charcot frå Den franske antarktisekspedisjonen, 1908–10, synte «Cap Garcia» som det nordlege neset ved Barilari Bay og dette namnet har sidan vorte etablert. Charcot nytta ikkje namnet «Cap Loqui» på krata under den andre ekspedisjonen, men for å bevare dette namnet har det sidan vorte akseptert som Loqui Point på sørsida av bukta.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Garcia, Cape» (innhald frå Geographic Names Information System).