Graham Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 66°00′S 63°30′W

Eit frimerke frå 1944 frå Falklandsøyane med overstempling for bruk i Graham Land.

Graham Land er den delen av Den antarktiske halvøya som ligg nord for linja mellom Cape Jeremy og Cape Agassiz. Denne skildringa av Graham Land samsvarar med avtalen frå 1964 mellom britiske Antarctic Place-names Committee og amerikanske Advisory Committee on Antarctic Names, der namnet «Den antarktiske halvøya» vart godkjend som namn på den store halvøya i Antarktis, og namna Graham Land og Palmer Land for dei høvesvis nordlege og sørlege områda.

Graham Land er kalla opp etter Sir James R. G. Graham, marineminister på tida då John Biscoe utforska vestsida av Graham Land i 1832. Området er gjort krav på Storbritannia (som ein del av Britisk Antarktis), Argentina (som ein del av Argentinsk Antarktis) og Chile (som ein del av Chilensk Antarktis).

Graham Land er den delen av Antarktis som ligg nærast Sør-Amerika.[1]

Andre land[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Graham Land» er ikkje anerkjent av alle land, som til dømes Argentina, som kallar det Tierra de San Martín (Saint Martin Land) i tillegg til at dei kallar den nordlege delen av halvøya Trinidad. Chile kallar heile Den antarktiske halvøya for O'Higgins Land.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]