Capoterra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Capoterra

Capoterra, på sardinsk Cabuderra, er ein by og ein kommune i Storbyområdet Cagliari i regionen Sardinia i Italia. Kommunen har 23 000 ibuarar og eit areal på 68,3 km².

Capoterra ligg 54 meter over havet på vestsida av Cagliaribukta, om lag 15 kilometer frå Cagliari by. Næringslivet består i fyrste hand av landbruk, dei siste tiåra har elles turistnæringa vakse seg vesentleg for økonomien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]