Selargius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Interiør frå Jomfru Maria-kyrkja i Selargius

Selargius, på sardisk Ceràrgius eller Celàrgius, er ein by og ein kommune i storbyområdet Cagliari i regionen Sardinia i Italia. Kommunen har om lag 29 000 ibuarar og eit areal på 26,7 km². Byen ligg om lag seks kilometer nordaust for byen Cagliari.

Byen er kjend sidan mellomalderen. I 1928 vart han lagd inn under Cagliari kommune, men vart frådelt att i 1947 etter ei lokal folkeavrøysting. Selargius omfattar elles bydelane Su Pezzu Mannu, Is Corrias og Su Planu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]