Carl H. Borgstrøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl H. Borgstrøm
Fødd12. desember 1909
Oslo
Død14. september 1986
NasjonalitetNoreg
Områdespråkvitskap, keltologi
Yrkespråkforskar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Carl Hjalmar Borgstrøm (fødd 12. oktober 1909 i Kristiania, daud 14. september 1986) var ein norsk språkforskar og professor i samanliknande språkforsking ved Universitetet i Oslo 1947–1986.

Carl Borgstrøm var son av komponisten Hjalmar Borgstrøm og Harriet Amalie Müller. Han vart student i 1928, studerte samanliknande indoeuropeisk språkvitskap, indisk og keltisk ved Universitetet i Oslo, og vart mag. art. i 1936. Frå 1932 til 1935 var han forelesar i samanliknande filologi ved Trinity College i Dublin. Frå 1936 til 1937 var han vikarierande professor i indisk ved Universitetet i Ankara. Han var lektor i språkvitskap ved Universitetet i Lund frå 1945, og professor i samanliknande språkforsking ved Universitetet i Oslo frå 1947.

Borgstraum utgav mellom anna boka Innføring i sprogvidenskap (1958).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norges filologer og realister. Stavanger, 1950.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]