Carl Heinrich Graun
Carl Heinrich Graun | |||
![]() Carl Heinrich Graun | |||
Fødd | 7. mai 1704 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Wahrenbrück i Tyskland | ||
Død | 8. august 1759 (55 år) | ||
Dødsstad | Berlin i Tyskland | ||
Opphav | Tyskland | ||
Periode | Klassisismen | ||
Sjanger | Opera | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | tenor | ||
Verka som | Komponist | ||
Mor | Anna Margarethe Schneider | ||
Far | August Graun | ||
Born | Carl Ferdinand Graun, Justizrat |
Carl Heinrich Graun (7. mai 1704–8. august 1759) var ein tysk komponist og tenorsongar. I lag med Johann Adolf Hasse vert han rekna for å vere den viktigaste tyske komponisten av italiensk opera i si tid.[1]
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Graun vart fødd i Wahrenbrück i Brandenburg. Han song i koret i operaen i Dresden før han flytta til Braunschweig, song der og skreiv seks operaer for selskapet. I 1735 flytta Graun til Rheinsberg, etter han hadde skrive ein opera for kronprinsen då han gifta seg med Elisabeth Christine i Salzdahlum. Han var kapellmeister for Fredrik II av Preussen (Fredrik den store) frå Fredrik tok over trona i 1740 og fram til Graun døydde nitten år seinare i Berlin.
Graun skreiv fleire operaer, Hans opera Cesare e Cleopatra innvia opninga av operahuset i Berlin i 1742. Andre, som Montezuma (1755), hadde libretto av kong Fredrik. Ingen av verka hans vert mykje spelte i dag, men pasjonen hans, Der Tod Jesu (1755) vart spelt ein del i Tyskland i mange år etter han døydde. Av andre verk han skreiv finn ein solokonsertar og triosonatar.
Carl Heinrich Graun var bror til Johann Gottlieb Graun, som òg var komponist.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Sceneverk
[endre | endre wikiteksten]- Polydorus (5 akter, 1726-28)
- Iphigenia in Aulis (3 akter 1728)
- Scipio Africanus (3 akter, 1732)
- Lo specchio della fedeltà (3 akter, 1733)
- Pharao Tubaetes (5 akter, 1735)
- Rodelinda, regina de' langobardi (3 akter, 1741)
- Cesare e Cleopatra (3 akter, 1742)
- Artaserse, libretto av Metastasio (3 akter, 1743)
- Catone in Utica, libretto av Metastasio (3 akter, 1743)
- Alessandro e Poro, libretto av Metastasio (3 akter, 1744)
- Lucio Papirio (3 akter, 1744)
- Adriano in Siria, libretto av Metastasio (3 akter, 1746)
- Demofoonte, libretto av Metastasio (3 akter, 1746)
- Cajo Fabricio (3 akter, 1746)
- Le feste galanti (1747)
- Cinna (3 akter, 1748)
- L'Europa galante (1748)
- Ifigenia in Aulide (3 akter, 1748)
- Angelica e Medoro (3 akter, 1749)
- Coriolano (3 akter, 1749)
- Fetonte (3 akter, 1750)
- Il Mithridate (3 akter, 1751)
- L’Armida (3 akter, 1751)
- Britannico (3 akter, 1751)
- L'Orfeo (3 akter, 1752)
- Il giudizio di Paride (1 akt, 1752)
- Silla (3 akter, 1753)
- Semiramide (3 akter, 1754)
- Montezuma (3 akter, 1755)
- Ezio, libretto av Metastasio (1755)
- I fratelli nemici (3 akter, 1756)
- La Merope (3 akter, 1756)
Andre verk
[endre | endre wikiteksten]- Te Deum
- Der Tod Jesu (1755)
- Oratorium in Festum Nativitatis Christi
- Osteroratorium
- Seks italienske kantatar
- Solokonsert for horn, strykarar og cembalo i D-dur
- Sinfonia i C-dur
- Gambekonsert
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- John W. Grubbs (1972): The Sacred Choral Music of the Graun Brothers
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Carl Heinrich Graun» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Graun, Carl Heinrich av E Eugene Helm, i 'The New Grove Dictionary of Opera', ed. Stanley Sadie (London, 1992) ISBN 0-333-73432-7
- ↑ The New Grove Dictionary of Opera vol. 2 s.519