Carl von Clausewitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl von Clausewitz
Clausewitz.jpg
Fødd 1. juni 1780
Burg bei Magdeburg
Død

16. november 1831
Wrocław

Carl von Clausewitz på Commons

Carl Phillip Gottlieb von Clausewitz (1. juni 178016. november 1831) var ein prøyssisk general og militær-teoretikar som la særleg vekt på dei psykologiske og politiske sidene ved krigføring. Hans mest kjende arbeid, Vom Kriege (Om krigen), låg uferdig då han døydde. Ein del av tankegodset hans er framleis pensum ved militære akademi, og vert òg nytta på andre område, til dømes organisasjonsteori og marknadsføring.

Clausewitz var sterkt påverka av den europeiske opplysningstida og bygde mykje på dei fornuftsbaserte ideane. På ein del felt var han likevel ein romantikar.

Tenkinga til Clausewitz vert ofte omtalt som hegeliansk, grunna den dialektiske metoden hans. Han understreka grundig korleis den eine faktoren påverka den andre, og viste til den innverknaden uventa hendingar og utilsikta utvikling under «krigsskodda» (gjerne med ufullstendig, tvilsam eller feilaktig informasjon og eit sterkt nærvær av frykt, tvil og spenning) kalla på kjappe avgjerder frå påpasselege hærførarar.

Clausewitz såg på historia som ein avgjerande kontrollør av tillærte abstraksjonar som ikkje samsvarte med erfaringane. Tvert mot dei tidlege verka til Antoine-Henri Jomini hevda Clausewitz at krig ikkje kan målast eller reduserast til kartlegging, geometri eller grafiske oversyn. Clausewitz laga mange aforismar, mest kjend er den berømte «Krig er eit framhald av politikken gjennom andre middel».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!