Caroline Amalie av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Caroline Amalie av Danmark
Carolineamaliedenmark.jpg
Måleri av Louis Aumont
Dronning av Danmark
Regjeringstid 1839-1848
Fødenamn Caroline Amalie av Augustenborg
Hus Augustenburg og Oldenburg
Fødd 28. juni 1796, København
Død 9. mars 1881 (84 år), København
Gravlagd Roskilde domkyrkje
Føregjengar Marie Sophie av Noreg og Danmark
Etterfylgjar Louise av Hessen-Kassel
Ektefelle Christian VIII
Far Fredrik Kristian II av Holstein-Augustenburg
Mor Louise Augusta av Danmark

Caroline Amalie (Caroline Amalie av Augustenborg) (fødd 28. juni 1796 i København, død 9. mars 1881 i København) var gift med Kristian Fredrik av Noreg i det andre ekteskapet hans. Da han blei konge av Danmark som Christian VIII i 1839 vert ho dronning av Danmark.

Caroline Amalie var dotter av Frederik Christian II av Holstein-Augustenburg og Louise Augusta.[1] Frederik Christian II var leiar av hertugslekta Augustenborg. Louise Augusta var dotter av dronning Caroline Mathilde av Danmark-Noreg og Johann Friedrich Struensee. [1][2]

Kristian Fredrik og Caroline Amalie gifta seg på Augustenborg slott 22. mai 1815.[3] Ekteparet fekk ingen born.

Ho var sterkt knytt til krinsen kring N.F.S. Grundtvig og stifta mellom anna ein asylskole for born i København.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Caroline Amalie (1796 - 1881) frå Dansk Kvindebiografisk Leksikon
  2. Louise Augusta frå De Danske Kongers Kronologiske Samling
  3. Lars Roar Langslet: Christian Frederik, Konge av Norge (1814), konge av Danmark (1839–48). Del II side 12, J.W. Cappelens Forlag 1999 ISBN 82-02-18449-5