Robert Zemeckis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert Zemeckis
Robert Zemeckis "The Walk" at Opening Ceremony of the 28th Tokyo International Film Festival (21835891403) (cropped).jpg
Fødd14. mai 1952 (70 år)
FødestadChicago
Aktive år1972–
Verka sommanusforfattar, filmprodusent, filmregissør, skribent, skodespelar, science fiction-forfattar
EktefelleMary Ellen Trainor, Leslie Zemeckis
BornAlexander Zemeckis
PrisarDirectors Guild of America Award, Oscar for beste regi, Golden Globe for beste regi, National Board of Review Award for beste film, Officier des Arts et des Lettres, Saturn Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Hugo Award for Best Dramatic Presentation
Robert Zemeckis og kona hans Leslie Harter i 2013

Robert Lee Zemeckis (fødd 14. mai 1952) er ein amerikansk filmregissør, produsent og manusforfattar.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Zemeckis er frå Chicago i Illinois. Allereie som ung byrja Robert Zemeckis å laga 8 mm smalfilmar med vennane sine. Mot ønsket til foreldra sine bestemte Zemeckis seg for å gå på filmskule. Han blei uteksaminert frå University of Southern California School of Cinematic Arts i 1973. På skulen blei han venn med Bob Gale, som han etter kvart skreiv fleire manus saman med. Saman skreiv dei òg manuset til kortfilmen Field of Honor (1973), som Zemeckis regisserte, og som resulterte i ein Student Academy Awards. Dette blei lagt merke til av regissøren Steven Spielberg, og dei blei etter kvart gode venner.

Det var likevel vanskeleg for Zemeckis å få innpass til å få laga spelefilm. Steven Spielberg derimot vart snart ein godt etablert regissør etter suksessane Haisommer (1975) og Nærkontakt av tredje grad (1977). For å hjelpa Zemeckis med å få i gang karrieren som regissør, stilte Spielberg seg bak det øyste spelefilmprosjektet hans som produsent. Manuset til filmen blei skrive av Zemeckis og Bob Gale. I Wanna Hold Your Hand (1978) markerte dermed både Robert Zemeckis sin fyrste spelefilm som regissør, og Steven Spielberg sin fyrste film som produsent. Filmen handlar om seks tenåringar som gjer kva dei kan for å få med seg den fyrste konserten til The Beatles i USA. Filmen blei ikkje ein stor suksess.

I 1979 regisserte Steven Spielberg filmen 1941, etter eit manus skrive av Zemeckis og Bob Gale med bidrag frå John Milius. Dette var ein stjernespekka komedie med handling lagt til 2. verdskrigen, med skodespelarar som John Belushi, Dan Aykroyd, John Candy og Christopher Lee i nokre av dei sentrale rollene. Filmen blir rekna som ein av dei største fiaskoane til Spielberg, og han har i etterkant uttalt at han ville vorte betre med Zemeckis som regissør, fordi Zemeckis hadde ein sterk visjon om korleis filmen skulle bli – noko Spielberg sjølv ikkje hadde.

Robert Zemeckis sin neste film som regissør, også etter eit manus av Zemeckis og Bob Gale, var Bruktbilkrigen (1980, opphavleg tittel Used Cars), med Kurt Russell i hovudrolla som ein sleip bilseljar. I denne filmen ser ein antydningar til humoren som kjenneteiknar seinare filmar av Zemeckis. Steven Spielberg stilte seg òg bak dette prosjektet som produsent. Men filmen blei ikkje noko meir enn ein moderat suksess, og førte ikkje til noko gjennombrot for Zemeckis.

Gjennombrotet[endre | endre wikiteksten]

Zemeckis meinte no at han burde prøva å få til ein film med eit av dei store studioa, utan hjelp frå Spielberg. Bob Gale og Zemeckis hadde lenge arbeidd med eit manus som heitte Tilbake til fremtiden, eit manus som Spielberg hadde stor tru på, men som var blitt avslått av dei ulike studioa. Zemeckis har i ettertid tatt vare på alle dei skriftlege avslaga han fekk. Han la dermed Tilbake til fremtiden-manuset på hylla. Fyrst fire år etter den førre filmen sin fekk Zemeckis eit høve av Twentieth Century-Fox, med filmen Kampen om den grøne diamanten (1984), derMichael Douglas og Kathleen Turner spelte hovudrollene. Filmen blei ein stor suksess, og Zemeckis blei ein ettertrakta regissør. No var òg fleire studio blitt interesserte i manuset Tilbake til fremtiden. Med den nye statusen sin som regissør, kunne Zemeckis no få realisert prosjektet sitt. Han vende seg til Steven Spielberg som produsent for prosjektet, sidan det var Spielberg som tidlegare var den som hadde hatt tru på han og på manuset. Spielberg var òg i mellomtida blitt meir etablert som filmprodusent. Dermed fall til prosjektet produsent Spielberg.

Effektmakar[endre | endre wikiteksten]

Tilbake til fremtiden (1985) har Michael J. Fox i hovudrolla som Marty, som ved eit uhell reiser tilbake i tid der han møter sine eigne foreldre medan dei er iferd med å bli forelska i kvarandre, og blei ein gigantisk suksess. Spielberg og Zemeckis fortsette produsent/regissør-samarbeidet sitt med filmen Hvem lurte Roger Rabbit? (1988), som var ein kombinasjon mellom levande film og teiknefilm, og dessutan to oppfølgjarar av Tilbake til fremtiden; Tilbake til fremtiden II (1989) og Tilbake til fremtiden III (1990). Robert Zemeckis regisserte òg ein tv-episode («Go to the Head of the Class»), av den Spielberg-produserte fantasi-serien Amazing Stories (1986), ein humoristisk episode om ein lærar som får kutta av hovudet sitt og som heimsøker elevane som forårsaka ugjerningen.

Med desse filmane blei Zemeckis, i lag med Spielberg, ein av pionerane i Hollywood på bruk av spesialeffektar. Han brukte endå meir avanserte spesialeffektar i den neste filmen sin, Døden kler henne (1992, Death Becomes Her), med Bruce Willis og Meryl Streep. Filmen fekk òg Oscar for beste spesialeffektar. Filmen fekk derimot ikkje så god mottaking, og gjorde berre moderat suksess.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

I 1994 regisserte Robert Zemeckis filmen Forrest Gump med Tom Hanks i hovudrolla. Filmen blei ein stor suksess, og Zemeckis fekk Oscar for Beste regi. Forrest Gump markerer òg eit skilje for Zemeckis, der han gjekk over frå lette kommersielle fantasi-filmar til meir karakterdrivne drama. Etter dette har han regissert Contact (1997) med Jodie Foster, og Cast Away (2000) med Tom Hanks og Helen Hunt. Dei to neste filmane hans var dataanimerte, med såkalla Motion Capture-teknikk, der skodespelarane speler rollene, og rørslene blir registrerte digitalt, slik at ein kan rekonstruera skodespelet med datagrafikk. Dette gjer ein for å oppnå mest mogleg realistisk 3d-animert «skodespel». Dei to filmane er Polarekspressen (2004) og Beowulf (2007).

Robert Zemeckis har ofte arbeidd med Tom Hanks og Christopher Lloyd. Alan Silvestri har komponert musikk til alle filmane hans sidan Jakten på den grøne diamanten. Filmane hans er kjenneteikna ved at kamera som regel er i rørsle. Fleire av filmane hans opnar med ei lang, komplisert taking (Forrest Gump, Tilbake til fremtiden, Contact, Hvem lurte Roger Rabbit?). I filmane Forrest Gump og Tilbake til fremtiden viser han ei god evne til å gjeskapa ulike tidsperiodar. I Tilbake til fremtiden viser han den sterke kontrasten mellom 80-talet og 50-talet, noko han har uttalt var grunnideen til filmen. I Forrest Gump strekker historia seg frå 50-talet fram til 90-talet, der han tar «tidsånda» på dei ulike tiåra i USA. Zemeckis gjekk på same filmskule som regissørane John Milius, George Lucas og Francis Ford Coppola m. fl.

Som produsent[endre | endre wikiteksten]

Zemeckis eig to produksjonsselskap saman med filmprodusenten Joel Silver. Desse er ImageMovers og DarkCastle Entertainment, sistnemnde eit selskap som hovudsakleg produserer skrekkfilmar. Blant filmane Zemeckis har produsert er The Frighteners (regissert av Peter Jackson), Ghostship, Gothika, House of Wax, Matchstick Men (regissert av Ridley Scott), og dessutan fleire av filmane han sjølv er regissør på.

Utvald filmografi som regissør[endre | endre wikiteksten]

  • 1978 – I Wanna Hold Your Hand
  • 1980 – Bilkrigen
  • 1984 – Kampen om den grønne diamant
  • 1985 – Tilbake til fremtiden
  • 1988 – Hvem lurte Roger Rabbit?
  • 1989 – Tilbake til fremtiden II
  • 1990 – Tilbake til fremtiden III
  • 1992 – Døden kler henne
  • 1994 – Forrest Gump
  • 1997 – Contact
  • 2000 – What Lies Beneath
  • 2000 – Cast Away
  • 2004 – Polarekspressen
  • 2007 – Beowulf
  • 2009 – A Christmas Carol
  • 2015 – The Walk


Kjelder[endre | endre wikiteksten]