Casey FitzRandolph

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Casey FitzRandolph


Statsborgarskap USA
Fødd 21. januar 1975 (49 år)
Madison
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2002 – 500 meter herrer

Casey J. FitzRandolph (fødd 21. januar 1975) er ein USA-amerikansk tidlegare skeiseløpar frå Verona i Wisconsin. Han vann OL-gull på 500 meter under Vinter-OL 2002.

FitzRandolph vart tredjemann i sprint-VM 1997 på Hamar. Sjølv om han i 2001 tok bronsen på 500 i VM i enkeltløp, var det noko overraskande at han skulle vinne gullmedaljen på 500 meter i OL 2002 i Salt Lake City. Rett nok fall den største favoritten, kanadiaren Jeremy Wotherspoon, i sitt fyrste løp. Men då FitzRandolph etter to løp makta slå den japanske tittelforsvararen Hiroyasu Shimizu med tre hundredels sekund, var OL-triumfen eit faktum. Tidlegare i OL-sesongen kneip FitzRandolph sølvmedaljen i sprint-VM på Hamar. I åra fram til Vinter-OL 2006 i Torino var han jamnt i tetsjiktet i sprinttevlingane, utan å vinne medaljar. Han vart som beste nummer ni på 1000 m i Torino, medan han vart fjerdemann i sprint-VM 2006, før han så la opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]