Caxias do Sul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Caxias do Sul
by
Land  Brasil
Stat Rio Grande do Sul
Areal 1 643,913 km²
Folketal 463 338 (2022)[1]
Kart
Caxias do Sul
29°10′04″S 51°10′44″W / 29.167777777778°S 51.178888888889°W / -29.167777777778; -51.178888888889
Wikimedia Commons: Caxias do Sul

Caxias do Sul (portugisisk uttale [kaˈʃi. ɐz du ˈsuw]) er ein by i Rio Grande do Sul sør i Brasil, som ligg i det fjellrike området Serra Gaúcha. Han blei grunnlagd av italienske innvandrar den 20. juni 1890. I dag er han den nest største byen i delstaten Rio Grande do Sul. I 2020 estimerte ein folkesetnaden i byen til 517.451 menneske, mange av dei av italiensk og tysk avstamming. Nemninga for innbyggjarane i Caxias do Sul er caxiense.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Italienske innvandrarar i Caxias do Sul i 1918.
Caxias do Sul i 1971.

Før Caxias do Sul blei folkesett av italienske innvandrarar var det husdyrdrift og urfolk som budde i regionen. Den italienske innvandringa, hovudsakleg av bønder på leit etter eit betre liv frå Veneto, Lombardia, Trento (Nord-Italia) og andre regionar av Italia, byrja i 1875 i Nova Milano. Medan dei fekk statleg støtte som verktøy, forsyningar og frø, måtte dei også betala alt tilbake til regjeringa seinare.[3][4]

Sentrum av Caxias do Sul.

1. juni 1910 fekk Caxias do Sul status som by. Same dagen kom det fyrste toget som band saman regionen med delstatshovudstaden. Sjølv om innvandrarane var bønder, arbeidde mange av dei i andre økonomiske sektorar. Dei slo seg ned, urbaniserte området og byrja ei rask industrialisering.[5]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Befolkningsutvikling
År Bef. ±%
1994 307 921
1996 325 694 +5,8 %
2000 360 419 +10,7 %
2004 396 419 +10,0 %
2008 427 858 +7,9 %
2012 446 911 +4,5 %
2020 517 451 +15,8 %

Språk[endre | endre wikiteksten]

Portugisisk er det offisielle språket, og dermed hovudspråket som det blir undervist i ved skular. Eldre innbyggjarar kan ofte taliensk, eit regionalt språk basert på venetiansk, men som òg er påverka av andre italienske dialektar og portugisisk.[6]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrdata for Caxias do Sul (1981–2010)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 34,6 35,4 33,4 31,4 28,4 26 28,2 30,4 32,5 33 33,9 34,8 35,4
Gjennomsnittleg maks °C 26,6 26,5 25,3 22,3 18,7 17,3 16,9 19,1 19,6 21,9 24,2 25,9 22
Døgnmiddeltemperatur °C 21,2 21 19,9 17,3 14,1 12,7 12,1 13,4 14,2 16,7 18,4 20 16,8
Gjennomsnittleg min °C 17,3 17,4 16,4 13,8 11,1 9,5 8,7 9,7 10,4 12,7 14,3 16 13,1
Lågast målte °C 5,1 7,4 5,2 1,5 −1,6 −3 −3 −2,3 −1,6 0,1 3,9 5,7 −3
Gjennomsnittleg nedbør mm 158,5 154,9 111,3 120,4 140,9 156 189,4 145,1 163,1 178,7 143,9 140,5 1 802,7
Gns. nedbørsdagar (≥ 1.0 mm) 13 11 10 9 10 10 11 10 10 12 11 11 128
Gns. luftfukt (%) 77,4 78,3 79,9 80,3 81,6 81,4 78,4 74,4 76,3 78,1 76,1 75,3 78,1
Gns. solskinstimar i månaden 204 185,5 191,5 168,3 150,4 127,1 143,6 146,3 145,4 163,3 199,2 187,5 2 012,1
Kjelde: INMET[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.ibge.gov.br/estatisticas/sociais/populacao/22827-censo-demografico-2022.html?edicao=37225; vitjingsdato: 24. oktober 2023.
  2. «Caxias do Sul» (på portugisisk). Instituto Brasileiro de Geografia e Estatística. 2017. Henta December 20, 2017. 
  3. Nome Arkivert November 17, 2015, ved Wayback Machine..
  4. Giron, Loraine Slomp.
  5. Sales, Fabiana de Lima.
  6. «Prefeitura Municipal de Caxias do Sul – RS». Arkivert frå originalen September 25, 2007. Henta January 31, 2008. 
  7. «Normais climatológicas do Brasil 1981–2010» (på portugisisk). Instituto Nacional de Meteorologia. Henta October 22, 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]