Venetiansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Venetiansk
vèneto
Klassifisering Indoeuropeisk
 Italisk
  Romansk
   Venetiansk
Bruk
Tala i  Italia
 Slovenia
 Kroatia
Venetiansktalande i alt 3,9 millioner (2002)
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-3 vec
Eit skilt som fortel at «Her snakkar vi òg venetiansk»

Venetiansk er eit romansk språk som er morsmål for over to millionar menneske, hovudsakleg i regionen Veneto i nordlege Italia, der fem millionar innbyggjarar bortimot kan forstå det.[1] Det er tidvis snakka og ofte godt forstått utanfor Veneto, som i Trentino, Friuli-Venezia Giulia, Istria og ein del byar i Dalmatia, totalt 6 til 7 millionar menneske. Språket er kalla for vèneto eller vènet på venetiansk og veneto på italiensk; den varianten ein taler i Venezia er kalla for høvesvis venexiàn/venesiàn eller veneziano. Sjølv om det er referert til som ein italiensk dialekt, sjølv av dei som snakkar det, er det faktisk eit eige språk, ikkje ein avart eller avleidd av italiensk. Venetiansk skil seg ut både i grammatikk, fonetikk, og ordforråd. Typologisk har venetiansk lite til felles med dei gallisk-italiske språka i nordvestlege Italia, men viser ein del slektskap med det nærliggande istriotiske språket som ein bruker i dei vestlege delene av Istria i Kroatia.

Venetiansk er ikkje nærskyldt med venetisk, eit utdøydd indoeuropeisk språk som ein tala i regionen Veneto ein gong på 600-talet f.Kr.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Venetiansk stammar frå vulgærlatin, påverka av gallarar, og moglegvis delvis frå eit venetisk underlag, og av språka til germanske stammar som vestgotarar, austgotarar og langobardar som invaderte Italia på 400-talet. Venetiansk, som eit kjent skriftleg språk, er dokumentert på 1200-talet. Det finst òg påverknader og parallellismar med gresk og albansk i ord som piròn (gaffel), inpiràr (å dela), carega (stol) fanela (skjorte).

Språket fekk betydeleg prestisje i tida til republikken Venezia då det fekk status som eit lingua franca i Middelhavet. Kjende venetiansk-språklege forfattarar var dramatikarane Angelo Beolco (1502–1542) og Carlo Goldoni (1707–1793). Både Ruzante og Goldoni, som følgde den gamle italienske teatertradisjonen commedia dell'arte, nytta venetiansk i komediane sine som morsmålet til vanlege folk. Dei er vurdert som blant dei fremste italienske dramatikarane gjennom tidene, og  skodespela til Goldoni blir framleis framført i dag. Andre kjende verk på venetiansk er omsetjingane av Iliaden av Giacomo Casanova (1725–1798) og Francesco Boaretti, og dikta til Biagio Marin (1891–1985). Kjent er òg eit venetiansk manuskript med tittelen Dialogo dei Cecco då Ronchitti då Bruzene in perpuosito dei la stella Nova, om ei nova og andre astronomiske emne, som er tilskrive Galileo Galilei (1564–1642).

Sm litterært språk blei venetiansk likevel overskugga av Dante Alighieri sin toskanske «dialekt» og franske språk som provençalsk og langues d'oïl (historisk nemning på dei galliske-romanske språka og dialektane).

Sjølv før nedgangen for republikken Venezia hadde venetiansk gradvis opphøyrt å bli brukt for administrative arbeid til fordel for toskansk-avleidd italiensk som hadde vore foreslått og nytta som eit verkemiddel for ein felles italiensk kultur sterkt støtta av framståande humanistar og poetar i Venezia, frå Pietro Bembo (1470–1547), ein avgjerande figur i utviklinga av det italienske språket, til Ugo Foscolo (1778–1827).

Bortimot alle dei som snakkar venetiansk i dag er diglossiske, det vil seia at dei lever i ein stabil språksituasjon der høgspråk og lågspråk blir nytta side om side, med venetiansk til bruk i uformelle samanhengar. Til trass for skritt for å anerkjenna det, har venetiansk blitt verande eit språk som stadig vanskelegare lèt seg overføra til neste generasjon då yngre generasjonar synest å føretrekka standard italiensk i mange situasjonar. Dette problemet er òg vorte ytterlegare komplisert av ein større del innvandrarar som berre snakkar eller lærer seg standard italiensk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Venetian», Ethnologue