Ceann Ear

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ceann Ear
Geografi
Ceann Ear is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°31′ N 7°37′ WKoordinatar: 57°31′ N 7°37′ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 2,31 km²

Høgaste punkt 17 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Ceann Ear er den største øya i Monach Islands eller Heisgeir utanfor North Uist nordvest i Skottland. Ho er 2,31 km² stor og er landfast via sandbanker med Ceann Iar og Sibhinis ved lågvatn.[1] Det vart sagt at det ein gong var mogeleg å gå heile vegen til Baleshare og North Uist, 8 km unna, ved lågvatn. På 1500-talet skal ei stor tidvassbølgje ha vaska denne vegen bort.[2]

I dag er øyane eit nasjonalt naturreservat.

Ruinar ein gong nyttar av hummarfiskarar ved Port Ruadh

Ceann Ear var busett i minst tusen år før ho vart fråreist. Som andre øyar i Monach Islands vart ho først fråreist på grunn av overbeiting og så busett på ny under Highland clearances.[2]

På 1200-talet vart det bygd eit kapell på øya, som hadde band til Iona. Det er framleis restar av landsbyen sør på øya og det gamle skulehuset vert nytta som ly for fiskarar. Her var òg tidlegare eit postkontor og ein skule, men ingen butikkar.

Geography[endre | endre wikiteksten]

Loch nam Buadh, med ruinar av landsbyen o bakgrunnen

Den lågtliggande øya er utsett for kraftig kysterosjon. Det høgaste punktet er Coilleag Mhòr nan Dàmh ved Gortinish nordaust på øya.[2]

Det bles kuling på Monach Isles om lag 160 dagar i året, og berre visse planter, som vanleg marehalm, klarar å stå imot den konstante straumen av sand og salttåke. Lenger inne på øya finn ein nokre våte grassletter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Overview of Ceann Ear». Gazetteer for Scotland. Henta 3. mars 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.