Celine Brun-Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Celine Brun-Lie


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. mars 1988 (35 år)
Oslo
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2010, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015

Celine Brun-Lie (fødd 18. mars 1988) er ein norsk tidlegare langrennsløpar som frå Oslo, medlem i Idrettslaget Njård.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Brun-Lie vann tre gullmedaljar i junior-NM og var med på det norske laget som vnn stafetten under junior-VM i 2007. Den 14. desember 2008 fekk ho si første pallplassering i verdscupen, då ho vart nummer to bak Petra Majdic, men før Marit Bjørgen på sprinten i Davos.[1] Ho tok sitt einaste NM-gull då ho sigra på sprinten under Ski-NM 2009, framom Maiken Caspersen Falla og Marit Bjørgen.

Brun-Lie tok seg til finalen under dei olympiske vinterleikane i Vancouver 2010, der ho enda på sjetteplassen. Ho la opp etter 2015-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bjørgen på pallen». tv2sporten.no. 14. desember 2008. Henta 15. desember 2008.