Cella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grunnplanen i eit gresk tempel, med søyleradene yst og sjølve bygningskjerna med cella i sentrum; cella er markert med grå farge.
Gresk tempel.

Cella, fleirtal cellae (latin for lite rom), er nemninga for det inste rommet i dei antikke greske og romerske templa, der gudestatuen eller gudestatuane stod, og der offergåvane skulle leggjast. Vanlegvis vert nemninga cella berre nytta i samband med dei romerske templa, medan det greske ordet naos vert nytta i samband med dei greske templa.

Berre presteskapet hadde tilgjenge til cellaen, der det dessutan kunne vere eit avgrensa område, ein adyton, som berre øvstepresten, ikkje dei andre prestane, kunne nytte.

Cellaen er vanlegvis eit enkelt, rektangulært rom uten vindauge, og med ei dør eller ein open inngang midt på den eine av kortveggane. I samband med statuen eller statuane av guddommane, kunne det i cellaen vere eit bord eller ein sokkel som offergåvane kunne leggjast på. I større tempel kunne ein eller to radar av søyler dele cellaen i to eller tre «skip».

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.