Centern på Åland
Utsjånad
Centern på Åland | |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Harry Jansson | ||
Grunnlagt | 1976 | ||
Hovudkvarter | Mariehamn | ||
Ideologi | agrarparti, konservativ liberalisme | ||
Politisk posisjon | sentrisme |
Åländsk Center (C) er eit sentrumsorienterte politisk parti på Åland. Det har sidan danninga den 22. februar 1976 vore eit av dei meir dominerande partia i Ålands lagting, der partiet frå 2011 er størst med 7 av 30 mandat. Åländsk Center er danna etter mønster frå systerpartia dets i Norden. Partileiar sidan 2010 er Harry Jansson.
I 1977 vart ungdomsorganisasjonen Åländsk Ungcenter stifta, og i 1988 kom kvinneorganisasjonen Centerkvinnorna, som seinare er vorte nedlagt. I dag finst òg pensjonistorganisasjonen Centerveteraner.
Systerparti
[endre | endre wikiteksten]- Finland: Centern og Svenska Folkpartiet
- Island: Framsóknarflokkurinn
- Noreg: Senterpartiet
- Polen: Folkepartiet (Polskie Stronnictwo Ludowe)
- Sverige: Centerpartiet