Mariehamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mariehamn kyrkje, utforma av arkitekten Lars Sonck

Mariehamn (fi. Maarianhamina) er den einaste byen og dermed hovudstaden på Åland. Han har om lag 10 500 innbyggjarar. Mariehamn vart grunnlagd i 1861, medan Finland framleis var under russisk styre. Han er oppkalla etter kona til tsar Alexander II av Russland, Maria Alexandrovna.

Skipsfart har alltid vore ein viktig industri for byen. I dag er ferjetrafikken, og turistane dei tek med seg, den viktigaste. Frå Västerhamn går det ferjer dagleg til mellom anna Stockholm, Åbo og Helsingfors.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]