Château de Blois

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Château royal de Blois, fasade med den monumentale trappa inn mot gardsplassen.
Fasade av fløya ut mot sentrum av Blois.
Plan over slottet i mellomalderen.

Château royal de Blois i departementet Loir-et-Cher i Frankrike er eit slott som i si tid var favorittresidensen til fleire av dei franske kongane. Slottet ligg i hjartet av byen Blois, på høgre breidda av elva Loire. Bygginga tok til på 1200-talet og vart avslutta på 1700-talet. Slottet er samansett av fleire bygningar kring ein indre slottsplass, og i arkitekturen er både gotikken, renessansen og klassisismen representerte.