Chainsaw Kittens
Chainsaw Kittens | |||
Opphav | Norman i Oklahoma | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1989–2000 | ||
Sjanger | alternativ rock, glamrock | ||
Tilknytte artistar | Defenestration Halston | ||
Plateselskap | Mammoth, Atlantic, Echostatic, Spacebaby, Mercury, Scratchie, Four Alarm | ||
Medlemmer | Tyson Meade Trent Bell Matt Johnson Eric Harmon | ||
Tidlegare medlemmer | Mark Metzger Clint McBay Aaron Preston Kevin McElhaney Ted Leader |
Chainsaw Kittens var eit amerikansk alternativ rock-band, som blanda sjangrar som pop, glamrock, punk, new wave og den britiske bølgja.[1][2][3] Tekstane deira omhandla varierte tema som religion, Stonewall-opprøret, Federico Fellini, Oklahoma, Erik Menendez og Oscar Wilde.[1][2]
Gruppa var baserte i Norman i Oklahoma, og fekk namnet sitt fordi musikarane var unge og hadde ein gitarlyd som minna om ei «motorsag» (chainsaw).[4] Chainsaw Kittens var aktiv frå 1989 til 2000.[1] Gruppa debuterte i 1991 med ein stil som av SPIN vart skildra som «The Smiths møter New York Dolls møter djevelen».[5] Musikarane fekk merksemd med sin «bruktbutikk-transvestittisme», som dei gjekk bort frå då utsjånaden byrja å overskugge musikken deira.[4]
Sjølv om Kittens aldri slo igjennom medan dei var aktive, har det sidan vorte omtalt som eit av dei beste amerikanske banda som aldri slo igjennom i den alternative rockerørsla i 1990-åra.[1][2]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- Violent Religion (Mammoth, 1990)
- Flipped Out in Singapore (Mammoth, 1992)
- Pop Heiress (Atlantic/Mammoth, 1994)
- Chainsaw Kittens (Mercury/Scratchie, 1996)
- The All American (Four Alarm, 2000)
EPar
[endre | endre wikiteksten]- High in High School (Mammoth, 1992)
- Angel on the Range (Mammoth, 1993)
- Candy for You (Scratchie, 1996)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chainsaw Kittens» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Raggett, Ned. «Chainsaw Kittens Biography». Allmusic. Henta 14. desember 2011.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Sinclair, Tom. «Chainsaw Kittens». Trouser Press. Henta 14. desember 2011.
- ↑ Thompson, Dave (2000). Alternative Rock. Milwaukee,Wis.: Hal Leonard Corporation. s. 248–249. ISBN 0879306076.
- ↑ 4,0 4,1 Barsotti, Mark (3. mars 1994). «The Kittens' Meow». Denver Westword. Arkivert frå originalen 19. oktober 2012. Henta 14. desember 2011.
- ↑ Greer, Jim (January 1991). «Chainsaw Kittens - Violent Religion». SPIN. Henta 14. desember 2011.