Glamrock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Glamrock
Stilmessig opphav: Rock and roll, garagerock, folkrock, kunstrock, hardrock, poprock
Kulturelt opphav: I Storbritannia tidleg på 1970-talet
Typiske instrument: Gitar - Bass - Trommer - Piano - Saksofonar - Synthesizerar - Strykarar
Populær periode: Særs populær i Storbritannia på 1970-talet, men berre varierande suksess internasjonalt
Avleidde former: Punkrock, Gotisk rock, New Wave, Pubrock, Visual kei, Schaffel
Undersjangrar
Glam metal, Glam punk
Andre emne
Protopunk, Sjokkrock

Glamrock (òg kjend under namnet glitterrock), er ein rock og roll-sjanger som var populær på byrjinga av 70-talet. Musikkstilen var eit britisk fenomen med berømte artistar som Slade, Queen, David Bowie, Gary Glitter, Sweet og Marc Bolan og T. Rex[1]. Andre viktige artistar innan sjangeren var Alice Cooper, KISS, Lou Reed, Roxy Music, Mud, Mott the Hoople, The Glitter Band, Brian Eno og Suzi Quatro. I Noreg var det Slade og David Bowie som fekk best fotfeste, medan Sweet, med hitfabrikken Chinn/Chapman i ryggen, hadde enkelte hittar.

Glamrock var glitter, sprakande kostymer og glamour; stilen var særleg kjend for klesstilen og opptreden til utøvarane. Glamrockarane brukte ofte sminke og glitter.

Musikken var fengande og ofte med enkle tekstar som t.d. Sweet sin «Wig Wam Bam» og T.Rex sin «Children of the Revolution».

Musikalsk og visuell stil[endre | endre wikiteksten]

Musikalsk var glamrock ei blanding av treige, overjordiske balladar og openlyst sexy, høgenergisk, Rolling Stones–påverka rock. Tekstmessig nytta sjangeren vanlege hedonistiske pop- og rocktema, men stundom finn ein tema som klassisk litteratur, mytologi, overjordisk filosofi, historie, science fiction og (apolitisk) «tenåringsopprør» (som i T. Rex sin «Children of the Revolution», Sweet sin «Teenage Rampage», Alice Cooper sin «School's Out» og David Bowie sin «Teenage Wildlife»).

Glamrocktilhengjarane (som i England på denne tida vart kalla «glitter kids») og artistane skilde seg frå den jordnære hippiekulturen med ein bevisst «kunstig» utsjånad. Med glamour frå «Gamle Hollywood» og dop frå 1970-talet var stjernene i Andy Warhol sine filmar og teaterstykket hans Pork viktige bidragsytarar til den gryande glamrock-rørsla. Gjengen rundt Warhol var provoserande annleis, prangande og seksuelt fleirtydige. På midten av 60-talet dyrka Warhol si stjerne Edie Sedgwick ein androgyn og ultrahedonistisk stil.

Med dei nylege homoseksuelle reformene i Storbritannia og det militante Stonewallopprøret for homofile sine rettar i USA, vart seksuell ambiguitet ein kort periode populært som ein effektiv måte å skape kulturelle «sjokk». David Bowie skapte mediaopprør i 1972 då han fortalte pressa at han var «homofil». Det var likevel ikkje mange glamrockmusikarar med homofilt stempel. Jobriath var av dei første opne homofile i rockekulturen, medan Freddie Mercury frå Queen stort sett heldt seg «inne i skapet».

Science fiction-tema var vanlege i glamrock. Tema som turar i verdsrommet og møte med romvesen var vanlege i musikken, og mange hadde sølvfarga, astronautliknande scenekostyme og fleirfarga hår.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første glamrockbandet var T.Rex med songen «Ride a White Swan», gjeve ut i oktober 1970, men klatra først inn på listene tidleg i 1971. Før Marc Bolan skifta namnet på bandet frå Tyrannosaurus Rex til T. Rex hadde han spelt psykedelisk-folkemusikk utan særleg suksess på slutten av 60-talet. Med T. Rex skapte han ein enklare, meir fengande og forvrengt stil enn sine tidlegare band. Bolan eksperimenterte opent med utsjånaden sin og nytta sminke og glitter i andletet påverka av Syd Barrett på slutten av 60-talet, samt fururistiske og androgyne kostyme som skilde han frå andre stjerner på denne tida. Med singlane «Hot Love» og «Get It On» vart T. Rex stjerner og hadde i 1972 ein popularitet hos tenåringar som ein ikkje hadde sett sidan The Beatles. Slade og Sweet fekk begge suksess i 1971. Gary Glitter vart kjend i 1972 og gjorde glam til eit nasjonalt musikkfenomen.

David Bowie hadde òg ein stor innverknad på glam, men fekk ikkje større kommersiell suksess før i midten av 1972. Han hadde hatt ein hitsingel i 1969 med «Space Oddity», men albuma The Man Who Sold the World og Hunky Dory vart ikkje lagt mykje merke til, sjølv om dei seinare vart rekna som milepålar i sjangeren. Sjølv stilmessig eksperimenterte Bowie med glamaktig androgynitet. Tony Visconti var produsent for både Bolan og Bowie og var ein viktig person opp i det heile.

I 1972 endra Bowie dramatisk utsjånad og danna karakteren Ziggy Stardust. Han var påverka av filmar av Stanley Kubrick (som A Clockwork Orange og 2001: A Space Odyssey), samt rock and roll frå seint på 50-talet og tidleg på 60-talet, forskjellig litteratur, filosofi og andre inspirasjonskjelder. Då albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars kom ut vart Bowie verdskjend over natta og opplevde stor kommersiell suksess. Dei neste åra, fram til 1974, vart stilen til Bowie meir ekstrem og musikkstilen hans vart breiare med element frå amerikansk soul og funk. I tillegg samarbeida og hjelpte Bowie fram to amerikanarar som då var temmeleg ukjende - Lou Reed og Iggy Pop - som begge hadde element av glamrock i både musikken og stilen sin. Bowie produserte The Stooges sitt album Raw Power og Reed sitt Transformer, som i dag vert rekna som store musikkalbum i rockehistoria og viktige døme på glam og protopunk. Bowie gav òg Mott the Hoople glamrock-songen «All the Young Dudes» som vart ein kjempehitt.

Roxy Music høyrde til den meir kunstneriske og progressive sida av glamrock, men dei gav likevel ut fire album som nådde Topp 10 på albumlista med Roxy Music, For Your Pleasure, Stranded og Country Life. Slade vart særs populære og hadde fleire hitsinglar i Storbritannia tidleg og midt på 1970-talet. Det same hadde Sweet. Gary Glitter heldt òg ein høg progfil tidleg på 70-talet med 26 hitsinglar. Bandet hans The Glitter Band vart etter kvart ein rival då dei byrja å gje ut sine eigne songar i 1973. Suzi Quatro, Mud og Wizzard dukka opp i denne perioden. Sjølv om glamrock hovudsakleg var ein britisk sjanger påverka han populærkulturen overalt og band som The Osmonds og the Rolling Stones nytta både glitter og sminke. Etter kvart vart det vanskeleg å skilje mellom glamrockband, tidlegare band som hadde tilpassa stilen sin og tyggegummipop ettersom sjangeren i aukande grad vart utvatna og kommersialisert.

I 1973 gav New York Dolls ut debutalbumet sitt og filmen American Graffiti kom ut på kino. I USA selde albumet lite, men filmmusikken til American Graffiti vart eit fenomen og selde kanskje meir i USA enn alle andre glamrockalbum til saman. New York Dolls sitt album vart seinare rekna som eit av dei tidlegaste punkrockalbuma og var ei kort stund administrert av Malcolm McLaren, som seinare vart sterkt involvert i Sex Pistols. I løpet av 1974 vart musikk frå 1940- og 1950-talet igjen populær, samstundes med at dei nye stilane reggae og disco gjorde sitt inntog, og dette overtok for glamrock i musikkulturen. Band som dukka opp i denne perioden var Cockney Rebel og Queen. Sjølv om Queen hadde ein sterkt glam-image, hadde dei ein mykje hardare stil som minna meir om heavy metal og progressive rock enn glamrock.

I 1975 hadde glamrock-bølgja stort sett lagt seg og vart langt mindre populær, medan ny soul og disco frå USA overtok mykje av platesalet i Storbritannia, fram til punkrocken oppstod nokre år seinare.

Bowie annonserte offisielt at han la ned Ziggy i 1973 med ein «avskjedskonsert», og lagde albumet Diamond Dogs året etter, som mange ser på som slutten på glamrock-rørsla. Utover i 1970-åra endra han stil mot soul, funk og etter kvart krautrock. T. Rex vart rakst mindre populære og fekk dårlege platesal, samt at intern krangling og dopmisbruk var med på å øydelegge bandet. Bolan vart derimot kvitt misbruket og fekk sitt eige TV-program kalla Marc og turnerte mellom anna med det nye punkbandet The Damned. Sweet og Slade hadde sine hitsinglar godt ut på 1970-talet, men Sweet endra stil og vart hardare, medan Slade sakte vart mindre populære, før dei fekk noko retrospektiv suksess på 80- og 90-talet. Roxy Music heldt fram å gje ut album og fekk stor suksess som eit New Wave-band tidleg i 1980-åra. Enkelte amerikanske band påverka av britisk glam, som KISS fekk stor kommersiell suksess.

Vidare påverknad[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om glamrocken berre kan vise til moderate platesal, hadde likevel den dekadende stilen, dei uvanlege kleda og oppførselen, samt den harde poprockstilen stor innverknad på punkrock-rørsla seint på 1970-talet. Bowie, Bolan og the New York Dolls påverka tidlege punkband som The Heartbreakers, Ramones, Sex Pistols, Voidoids, Dead Boys, The Damned og Siouxsie and the Banshees. Post-punk-band var i enno større grad påverka av glamrock, særleg band som Joy Division og The Cure. Tyske postpunk- og new wave-artistar frå 1980-talet hadde ofte eit glamaktig image, som Nina Hagen og Klaus Nomi, bosniske Lene Lovich og andre.

Gary Numan vart særs populær i Storbritannia seint på 1970-talet og både musikken og imaget hans var påverka av glam, sjølv om musikken hans var meir synthesizerbasert. Goth-rock-rørsla som kom ut frå post-punk-sjangeren hadde òg spor av glamrock, særleg Roxy Music og David Bowie. Bauhaus spelte til dømes inn Bowie-songen «Ziggy Stardust». Ei annan sjanger som dukka opp på denne tida fekk namnet «New Romantics» med band som Adam and the Ants, ABC, Culture Club, Depeche Mode, Ultravox, Japan, Duran Duran og Soft Cell. Enkelte av desse starta til og med karrieren som glamrockband. New Wave samla alle desse artistane frå post-punk, gotiskrock, synthpop og blåaugd soul under ein sjanger, og både Roxy Music og David Bowie spelte og skulle spele ei rolle i utforminga av stilen deira. Begge nytta denne sjangeren og sine tidlegare musikkstilar til å oppnå stor kommersiell suksess tidleg på 1980-talet.

Hanoi Rocks oppstod i 1979 og vert rekna som eit av dei første glam punk-banda. Den amerikanske glam metal-rørsla var påverka av både glamrock og den nye britiske heavy metal-rørsla (særleg band som Judas Priest). Quiet Riot hadde sin første store suksess med ein versjon av Slade sin song «Cum on Feel the Noize» i 1983, som nådde 5. plass på den amerikanske singellista. Mötley Crüe vart òg særs populære, og dei fleste av medlemmene hadde tidlegare spelt i glamrockband. Etter kvart inneheldt glam metal-musikken mindre grad av glamrock og vart påverka av fleire forskjellige stilartar utover 80-talet.

Alternativ rock var noko påverka av glam, særleg i Storbritannia. I britpopen som oppstod på 1990-talet er det mange referansar til glamrock med band som Oasis som har Slade og Mott the Hoople som ein av sine viktigaste inspirasjonskjelder. Placebo, Suede, Manic Street Preachers, Spacehog og Morrissey sitt album Your Arsenal hadde òg element av glamrock. Grunge var òg noko påverka av glammusikk, sidan han generelt var sterkt påverka av rock frå 1970-talet. Green River spelte Bowie-songen «Queen Bitch», medan frontmannen i Malfunkshun og Mother Love Bone (som var ein forgjengar til Pearl Jam) Andrew Wood var fan av både T. Rex og Gary Glitter. Nirvana spelte Bowie sin «The Man Who Sold the World» på sin MTV Unplugged-konsert. Mange av dei første grungebanda var inspirert av The Stooges, Kiss og Alice Cooper.

Fleire band i dag opprettheld ein glamrock-aktig stil, som The Ark frå Sverige, Negative frå Finland og Robin Black and the I.R.S. frå Canada.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Philip Auslander, Performing Glam Rock: Gender and Theatricality in Popular Music Ann Arbor, University of Michigan Press, 2006 ISBN-10 0472068687
  • Rock, Mick, Glam! An Eyewitness Account Omnibus Press, 2005 ISBN 1-84609-149-7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. MSN Encarta om Glamrock. http://encarta.msn.com/dictionary_561509274/glam_rock.html Vitja 12. september 2008

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]