Oscar Wilde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oscar Wilde

Oscar Wilde (16. oktober 185430. november 1900) var ein irsk forfattar som verka i London og Paris mot slutten av viktoriatida. Han skreiv forteljingar, skodespel og essay, og éin roman, Bildet av Dorian Gray. Wilde var kjent for sitt vidd og sine skarpe kommentarar, men karrieren og helsa hans blei øydelagde då han blei dømt til fengsel for «gross indecency» (uanstendig oppførsel) på grunn av sine homoseksuelle handlingar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Oscar Fingal O’Flahertie Wills Wilde var fødd i Dublin, i ein anglo-irsk protestantisk familie. Foreldra var Jane Francesca Wilde, fødd Elgee, ein framgangsrik forfattar og irsk nasjonalist, og Sir William Wilde, ein leiande øyre- og augekirurg som skreiv bøker om arkeologi og folklore.

Wilde studerte klassisk litteratur ved universitetet i Dublin til 1874, og vann Berkeleys gullmedalje for sin innsats. Han fekk eit stipend til universitetet i Oxford, der han studerte vidare til 1878.

Han møtte Constance Lloyd, dotter av den velståande Horace Lloyd, i London, og gifta seg med henne 29. mai 1884. Paret fekk to søner, Cyril (1885) og Vyvyan (1886). Då Wilde-namnet blei knytt til homofili-skandalen tok Constance etternamnet Holland for seg og sønene. Cyril blei drepen i første verdskrigen, men Vyvyan Holland overlevde og blei forfattar og omsetjar. Sonen hans, Merlin, har redigert og gjeve ut fleire verk om bestefaren.

I 1895 vart Wilde dømt til to års tukthus for homoseksualitet, og vart utfrosen av den engelske sosieteten. Straks etter soninga drog han til Frankrike, og vende aldri tilbake til England. I Paris skreiv han Balladen om Reading fengsel, som skildrar tida i fengsel.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Poesi[endre | endre wikiteksten]

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • Vera; or, The Nihilists (1880)
  • The Duchess of Padua (1883)
  • Salomé (Fransk versjon) (1893, fyrst framført i Paris 1896)
  • Lady Windermere's Fan (1892)
  • A Woman of No Importance (1893)
  • Salomé (1894)
  • An Ideal Husband (1895)
  • The Importance of Being Earnest (1895)
  • La Sainte Courtisane og A Florentine Tragedy Fragment. Fyrst publisert i 1908 i Methuens Collected Works

(Datoar er lista etter fyrste framføring)

Prosa[endre | endre wikiteksten]

  • The Canterville Ghost (1887)
  • The Happy Prince and Other Stories (1888)
  • The Decay Of Lying (Fyrst gjeve ut i 1889, gjenutgjeve i Intentions 1891)
  • Lord Arthur Savile's Crime and Other Stories (1891)
  • Intentions (1891)
  • Picture of Dorian Gray (1891)
  • A House of Pomegranates (1891)
  • The Soul of Man under Socialism (Fyrst publisert i Pall Mall Gazette, 1891, fyrste utgjeving som bok i 1904)
  • Phrases and Philosophies for the Use of the Young (Fyrst publisert i Oxford-studentmagasinet The Chameleon, desember 1894)
  • De Profundis (1905)
  • The Rise of Historical Criticism (gjeve ut i uferdig form i 1905 og ferdig form i 1908)
  • The Letters of Oscar Wilde (1960, utgjeve igjen i 2000)
  • Teleny or The Reverse of the Medal (Paris, 1893). Er mest sannsynleg skrive av Wilde og fleire av venane hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Studia: moderne kunnskap for alle. S-Å. Bertmark Norge AS, 2002 (3. rev. utg) ISBN 82-7624-068-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Oscar Wilde ved Wikisource.