Champigny-sur-Marne

Koordinatar: 48°49′02″N 02°29′51″E / 48.81722°N 2.49750°E / 48.81722; 2.49750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Champigny-sur-Marne
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Val-de-Marne
Geografi
Flatevidd 11,3 km²
Flatevidd
 - By

11,3 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

75 200
  6 655/km²
Koordinatar 48°49′02″N 02°29′51″E / 48.81722°N 2.49750°E / 48.81722; 2.49750
Diverse anna
Heimeside: www.champigny94.fr

Champigny-sur-Marne er ein kommune og by i dei søraustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 12,5 km frå Paris sentrum i departementet Val-de-Marne, og har eit folketal på om lag 75 000 innbyggjarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Champigny-sur-Marne var opphavleg berre kalla Champigny. Namnet Champigny har sitt opphav i det mellomalderlatinske ordet Campaniacum, som tyder «eigedomen til Campanius», ein gallo-romersk landeigar.

I 1897 vart namnet på kommunen offisielt Champigny-sur-Marne (som tyder «Champigny ved Marne»), for å skilje han frå andre kommunar i Frankrike med same namn.