Val-de-Marne
| Val-de-Marne | |
|---|---|
| Våpenskjoldet til Val-de-Marne | |
| Plassering | |
| [[Fil:|180px|Plasseringa til Val-de-Marne i Frankrike]] | |
| Administrasjon | |
| Departmentnummer: | 94 |
| Region: | Île-de-France |
| Préfecture: | Créteil |
| Sous-préfectures: | L'Haÿ-les-Roses Nogent-sur-Marne |
| Arrondissement: | 3 |
| Kantonar: | 49 |
| Kommunar: | 47 |
| Président du conseil général: | Christian Favier |
| Statistikk | |
| Folketal | Rangering 11. |
| -2005 | 1 278 892 |
| Folketettleik: | 5 220/km² |
| Landareal¹: | 245 km² |
| ¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Val-de-Marne er eit departementet nord i sentrale delar av Frankrike like søraust for Paris. Departementet ligg i regionen Île-de-France, og er kalla opp etter elva Marne. Lokalt vert departementet stundom kalla «l'neuf quatre» («Ni-firaren») etter det offisielle administrasjonsnummert til departementet, 94.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Val-de-Marne vart oppretta då det tidlegare departementet Seine vart delt opp 1. januar 1968.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France, og i lag med Seine-Saint-Denis og Hauts-de-Seine er det eit av tre små departementet som dannar ein ring rundt Paris, kjend som petite couronne («den litle ringen»). Val-de-Marne grensar til departementa Seine-Saint-Denis, Seine-et-Marne, Essonne, Hauts-de-Seine og Paris.
Med eit areal på berre 245 km² er Val-de-Marne eit av dei franske departementa med minst utstrekking.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Val-de-Marnais.
