Channel 4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Channel 4
Channel 4 logo 2015.svg
Skipa2. november 1982; 36 år sidan (1982-11-02)
Dotterselskap4mations Edit this on Wikidata
EigarChannel Four Television Corporation
BransjeFjernsyn Edit this on Wikidata
HovudkontorLondon Edit this on Wikidata

Channel 4 er ein britisk fjernsynskringkastar. Han blei oppretta i 1982 etter ei avgjerd i Det britiske parlamentet som eit supplement til kanalane ein allereie hadde. Channel 4 er for det meste finansiert av reklame, men har på same måte som BBC ei rolle som allmennkringkastar ved å senda publikumsinformasjon og driva skulefjernsyn. Kanalen blir send i England, Skottland og Nord-Irland. Wales har ein lokal variant, S4C, som sender andre Channel 4-program i tillegg til program på walisisk.

Channel 4 starta sendingane sine 2. november 1982, to år etter at avgjerda om å starta han blei teken. Kringkastaren var opphavleg underlagd Independent Broadcasting Authority (IBA),[1] men har no Channel Four Television Corporation som eigar. Dette føretaket blei skipa i 1990 og er underlagt det britiske Department for Digital, Culture, Media and Sport.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Catterall, Peter (2013). The Making of Channel 4. Routledge. ISBN 978-1135018870. 
  2. «Channel 4». Gov.uk. Henta 114. april 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]