Charles Colbert de Croissy
| Charles Colbert de Croissy | |
| Statsborgarskap | Frankrike |
| Fødd | 5. august 1629 Reims |
| Død |
28. juli 1696 (66 år) |
| Yrke | statsmann, diplomat |
| Språk | fransk |
| Far | Nicolas Colbert de Vandières |
| Mor | Marie Pussort |
| Charles Colbert de Croissy på Commons | |
Charles Colbert, marquis de Croissy (1625–28. juli 1696) var ein fransk statsmann og diplomat.
Som den eldre broren sin, Jean Baptiste Colbert, starta Colbert karrieren sin hos krigsminister Le Tellier. I 1658 vart han leiar av den nyskapte regionen Alsace, som nyleg var annektert av Frankrike. I 1662 vart han marquis de Croissy og président à mortier i parlementet i Metz. Etter fleire diplomatiske reiser til Tyskland og Italia vart han etter kvart diplomat på fulltid. I 1668 representerte han Frankrike på konferansen i Aix-la-Chapelle og same året vart han send til London som ambassadør, der han forhandla fram den endelege Dover-traktaten med Karl II. Han overtalte mellom anna Karl II til å erklære den tredje engelsk-nederlandske krigen mot Dei sameinte Nederlanda.
Forhandlingane i freden i Nijmwegen (1676–1678) styrkte ryktet hans som diplomat og Ludvig XIV gjorde han til statssekretær for utanrikssaker.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Charles Colbert, marquis de Croissy» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.