Reims

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reims
Rådhuset i Reims
Rådhuset i Reims
Rådhuset i Reims
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Champagne-Ardenne
Marne
Geografi
Flatevidd 46,9 km²
Flatevidd
 - By

46,9 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

187 206
  3 990/km²
291 735
Koordinatar 49°18′″N 4°2′″EKoordinatar: 49°18′″N 4°2′″E
Høgd over havet 98 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 51454/51100
Heimeside: Offisiell nettside
Plassering

Reims er ein by i regionen Champagne-Ardenne i Nord-Frankrike, 144 km nordaust for Paris. Han vart grunnlagd i perioden under Romarriket. I 1999 var der 187 206 innbyggjarar i Reims, medan storbyområdet hadde 291 735 innbyggjarar.

Reims har spelt ei svært viktig rolle i fransk historie, sidan det var staden der kongane i Frankrike vart krona. Den mest vidkjende av desse var kroninga av Karl VII i lag med Jeanne d'Arc. Notre-Dame de Reims (øydelagd av tyskarane under den første verdskrigen, men seinare restaurert) har derfor spelt same rolle i Frankrike som Westminster Abbey gjorde i England. Det var her ein den heilage ampullen (Sainte Ampoule) låg, som inneheldt Saint Chrême (heilag olje/salve). Denne salven var det visstnok ei kvit due (den heilage ande) som førte til døypinga av Clovis i 496, og denne vart brukt til salvinga, den viktigaste delen av kroninga av dei franske kongane.

Reims vert ofte rekna som hovudstad i Champagne, ein gamal provins i Frankrike og verdskjend for den musserande vinen (Champagne). I dag er Reims derimot berre den største byen i regionen.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Reims er eit prefecture (hovudstad) i departementet Marne i regionen Champagne-Ardenne.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Reims ligg på ei slette ved den høgre breidda til elva Vesle, ei av sideelvane til Aisne, og ved kanalen som knyter Aisne til elva Marne. Sør og vest for Reims ligg dei vindruekledde åsane Montagne de Reims.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Katedralen Notre-Dame i Reims

Dei største attraksjonane i Reims er Place Royale med ein status av Ludvig XV. og Place du Parvis med ein statue av Jeanne d'Arc.

Marsporten (la Porte de Mars) er ein 33 m lang og 13 m høg triumfboge (arc de triomphe) med tre bogar.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Katedralen Notre-Dame i Reims[endre | endre wikiteksten]

Katedralen Notre-Dame i Reims vert rekna som ein av dei viktigaste gotiske kyrkjene i Frankrike. Frå 1100-talet til det 1800-talet var katedralen staden der dei franske kongane vart krona. Katedralen har frå 1991 saman med Palaie du Tau og Basilika Saint-Rémi vore på UNESCO si verdsarvliste.

Katedralen vart bygd på 1200-talet med unntak av vestfronten. Han vart ferdigstillt på 1300-talet, då kyrkjeskipet og vart gjort lengre. Katedralen vart skada både under den første og den andre verdskrigen.

I 1974 fekk katedralen glasmåleri av Marc Chagall.

Palais du Tau
Basilika Saint-Rémi

Palais du Tau[endre | endre wikiteksten]

Erkebiskoppalasset vart bygd mellom 1498 og 1509. Her budde dei franske kongane under kroningsfeiringane. Dei kongelege bankettane vart halde i salle du Tau. Denne salen har ein enorm kamin, medaljongar av erkebiskopane i Reims, og portrett av fjorten kongar som er krona i byen. Frå 1972 har palasset vore eit nasjonalt museum.

Saint-Rémi[endre | endre wikiteksten]

Nest etter katedralen er dette det viktigaste kyrkjebygget i Reims. Det er kalla opp etter Sankt Remigius frå 400-talet. Basilikaen, som nesten er like stor som katedralen, høyrte til eit kloster. Basilikaen vart bygd over lang tid. Krypten stammar frå 1000-talet, koret frå 1100-talet, Apside frå 1200-talet og det sørlege tverrskipet frå 1400-talet. Som andre franske kloster vart òg dette plyndra og stengd under den franske revolusjonen. Helgengrava er ein rekonstruksjon av nyare dato.

Vin[endre | endre wikiteksten]

Reims er, saman med Épernay og Ay, eit senter for champagneproduksjon. Mange av dei viktigaste produsentane (les grandes marques) har hovudkvarter i Reims. Dei fleste er tilgjengelege for prøvesmaking og omvising. Champagne modnar seg i hòler og tunnelar under Reims.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Keltarane grunnla om lag 80 f.Kr. Durocortorum i området der Reims i dag ligg. Etter den romerske erobringa vart staden kalla Civitas Remorum og vart lokal hovudstad.

Området vart kristna i seinromersk tid, og byen vart eit bispesete.

Generaloberst Jodl underteiknar den vilkårslause kapitulasjonen

700-talet fann eit møte mellom Pipin den yngre og pave Stefan III stad i Reims, og seinare møttest Karl den store med Leo III.

Under napoleonskrigane i 1814 vart Reims inntatt fleire gongar. I åra 1870-1871, under den fransk-prøysiske krigen, var Reims eit tysk hovudkvarter.

I 1909 var Louis Bleriot deltakar på det første internasjonale flystemnet, som vart halde her.

Byen vart sterkt skada under første verdskrigen. Katedralen vart skada og måtte restaurerast. Basilikaen måtte byggast opp at frå ruinane i dei neste 40 åra. Under andre verdskrigen var det igjen øydeleggingar.

General Eisenhower og dei allierte tok imot den vilkårslause kapitulasjonen av den tyske hæren. Kapitulasjonen vart underteikna i Reims.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Reims