Charles Durning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles Durning

Fødd28. februar 1923
FødestadHighland Falls
Død24. desember 2012 (89 år)
DødsstadNew York by
FødenamnCharles Edward Durning
Aktive år1945–2012
Verka somteaterskodespelar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar
PrisarBronze Star Medal, Purple Heart, Æreslegionen, Silver Star, Tony Award for Best Featured Actor in a Play, Screen Actors Guild Life Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Drama League Award

Charles Durning (28. februar 192324. desember 2012) var ein amerikansk skodespelar. Han har blant anna blitt tildelt ein Tony Award i 1990 for rolla si i Cat On A Hot Tin Roof.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Durning var fødd i Highland Falls i New York. Far hans, James Durning, var ein innvandrar frå Irland som fekk amerikansk statsborgarskap ved å verve seg til det amerikanske militæret. Mor hans var også av irsk avstamming.

Durning fekk sin fyrste smak av skodespelar-yrket ved eit burlesk-teater i Buffalo i New York. Han tenestegjorde i den amerikanske hæren under den andre verdskrigen. Durning deltok blant anna under invasjonen av Normandie i FrankrikeD-dagen, den 6. juni 1944, og han var blant dei fyrste amerikanske soldatane som gjekk i land på Omaha Beach. Durning blei alvorleg såra av granatsplintar i begge låra, i høgre handa, i hovudregionen, og i fremre venstre brystvegg den 15. juni 1944 i La Mare des Mares i Normandie. Han blei send til England for å få behandling. Durning kom raskt til hektene igjen etter skadane, og han kom tilbake til fronten akkurat tidsnok til å ta del i Ardennaroffensiven, den tyske motoffensiven gjennom skogane ved Ardennane i Belgia og Luxembourg, som fann stad i desember 1944.

Etter at Durning blei såra for andre gong, denne gongen i brystregionen, blei han send tilbake til USA. Han gjekk ut av den amerikanske hæren den 30. januar 1946. Han blei tildelt Silver Star, Bronse Star og tre Purple Heart-medaljar for mot, djervskap og alle skadane han fekk under verdskrigen. Han blei også tildelt ein Victory Medal. I april 2008 blei han tildelt den fransk æreslegionen. Durning var også kjend for sin innsats for å heidra amerikanske veteranar som hadde vore med i krigshandlingar. Han sat blant anna som formann for den amerikanske National Salute to Hospitalized Veterans.

Skodespelar[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen hadde Durning ein kort karriere som boksar før han blei skodespelar. Han spelte på Broadway i stykke som That Championship Season (1973). Death of a Salesman (1980) og Cat on a Hot Tin Roof (1989). Sistnemnde fekk han Tony-prisen for. Gjennombrotsrolla hans i film var i The Sting frå 1973.

Durning blei nominert til ein Emmy-pris for si tolking av ein krigsveteran frå andre verdskrigen i episoden «Call of Silence» frå TV-serien NCIS.

Charles Durning blei heidra med ein Life Achievement Award under den Annual Screen Actors Guild Award Ceremony i 2008. Den 31. juli 2008 blei han gjeven ei stjerne på Hollywood Walk of Fame ved sidan av den til James Cagney, eit av hans idol.

Charles Durning døydde heime på Manhattan i New York den 24. desember 2012, i ein alder av 89 år. Han blei gravlagd ved Arlington National Cemetery der fleire tidlegare militære og kjente personar også ligg gravlagd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]