Charlie Jenkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Charlie Jenkins

Charles Jenkins Sr 1957.jpg

Statsborgarskap USA
Fødd 7. januar 1934
New York by
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Charlie Jenkins, fullt namn Charles Lamont Jenkins, (fødd 7. januar 1934) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som i 1956 vart olympisk meister på 400 meter og i 4 x 400 m stafett.

I 1955 vart Jenkins AAU-meister på 440 yards. Ved dei USA-amerikanske uttaka til Sommar-OL 1956 kom han på tredjeplassen på distansen, klart slått av verdsrekordhaldar Lou Jones som vann uttaksløpet.

Under dei olympiske sommarleikane i Melbourne vart Jenkins berre nummer tre i sitt kvartfinaleheat på 400 m, men imponerte stort med siger og bestetid 46,1 sekundar (46,19) i semifinalane. I finalen sprang han i mål på tida 46,7 og vann framfor tyske Karl-Friedrich Haas som fekk notert 46,8 i sluttid. To dagar seinare tok Jenkins seg av den tredje etappen for USA sitt lag som vann 4 x 400 m stafett med stor margin til Australia på andreplass. Dei andre på laget var Lou Jones, Jesse Mashburn og ankermann Tom Courtney.

Sonen Chip Jenkins deltok under Sommar-OL 1992 på USA sitt lag i kvalifiseringa til finalen 4 x 400 m stafett, men vart vraka til finalemannskapet. Han vert likevel rekna som olympisk gullmedaljevinnar. Det var fyrste gongen far og son stod som olympiske meistrar i same øving.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]