Tom Courtney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Courtney


Statsborgarskap USA
Fødd 17. august 1933
Newark
Død

22. august 2023 (90 år)
Naples

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956

Tom Courtney, fullt namn Thomas William Courtney, (17. august 193322. august 2023) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Newark i delstaten New Jersey som i 1956 vart olympisk meister både på 800 meter og i 4 x 400 meter stafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Courtney vart i 1955 nordamerikansk studentmeister (NCAA) på 880 yards. Same sommaren sette han USA-rekord på 800 meter med tida 1.46,8 i finske Koivula. Sommaren 1956 vann han 440 yards ved USA-meisterskapen (AAU) og forbetra i Los Angeles landsrekorden på 800 m til 1.46,4.

På ein vindfull, kjølig dag under sommarleikane 1956 i Melbourne spurta Courtney inn til gullmedalje på 800 meter, sterkt pressa av Derek Johnson frå Storbritannia. Vinnartida 1.47,7 var olympisk rekord, Johnson fekk 1.47,8 og norske Audun Boysen, som ikkje var i si beste form, kom på bronseplassen med 1.48,1. Fem dagar seinare, den 1. desember 1956, sprang Courtney som ankermann USA inn til suverent gull i 4 × 400 m stafett, etter at Lou Jones, Jesse Mashburn og Charlie Jenkins hadde gitt laget hans ei solid leiing på dei tre fyrste etappane.

Den 24. mai 1957 sette Courtney verdsbestetid på 880 yards med eit løp på 1.46,8. Både i 1957 og 1958 sigra han på den same distansen under AAU-meisterskapen. I slutten av juli 1957 flytta han den nasjonale 800-meterrekorden til 1.46,0 ved eit stemne i Gävle i Sverige. Fem dagar seinare vart han på Bislett stadion i Oslo klokka i mål på 1.46,2, men måtte sjå seg slått av verdsrekordhaldaren, Roger Moens frå Belgia, med 0,2 sekund. Ni dagar etter gjorde Courtney sitt livs raskaste 800-meterløp på det same stadion i Oslo, vinnartida 1.45,8 var einast eitt tidels sekund bakom verdsrekorden til Moens.

Courtney la opp etter 1958-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]