Hopp til innhald

Charlotta Fougberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charlotta Fougberg


Statsborgarskap Sverige
Fødd 19. juni 1985 (38 år)
Lerum i Sverige
Idrett 3000 meter hinder, friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016

Charlotta Emma Katarina Fougberg (fødd 19. juni 1985) er ein svensk mellom- og langdistanseløpar frå Lerum i Västra Götaland. Ho vann sølvmedaljen i 3 000 meter hinder under europameisterskapen 2014.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Fougberg forbetra den svenske rekorden i 3 000 meter hinder med borti 10 sekundar til 9.23,9 då ho vart nummer fire i eit DL-stemne i Glasgow 12.juli 2014. Tida var europeisk årsbeste på distansen, dermed måtte ho reknast med mellom dei største favorittane ved EM i Zürich ein månad seinare. I EM-finalen sprang ho inn til sølv på tida 9.30,1, sju tidels sekund bakom Antje Möldner-Schmidt.

Fougberg deltok i Friidrett-VM 2013, 2015 og 2017 utan å kvalifisere seg til finale. Ei heller under Sommar-OL 2016 makta ho å nå finalen i hinderløpet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Charlotta Fougberg