Antje Möldner-Schmidt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Antje Möldner-Schmidt
ISTAF Berlin 2012 - Antje Möldner-Schmidt, 3000m Hindernislauf 2.jpg
Fødd 13. juni 1984
Babelsberg
Yrke friidrettsutøvar
Antje Möldner-Schmidt på Commons
Antje Möldner-Schmidt, 2015

Antje Möldner-Schmidt (fødd 13. juni 1984) er ein tysk friidrettsutøvar som har tevla internasjonalt i hinderløp og på 1500 meter. Ho vart europameister på 3000 meter hinder i 2014, to år tidlegare fekk ho bronsemedaljen i øvinga i det førre EM i friidrett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Möldner-Schmidt hadde 1500 meter som spesialdistanse til 2008. Ettersom ho ikkje klarde å hamle opp med dei aller beste på distansen, tok ho i OL-sesongen også til å tevle i hinderløp. Ho deltok på 3000 m hinder under sommar-OL i Beijing, der ho sette tysk rekord med 9.29,8 i forsøket, utan at det heldt til finaleplass. Under verdsmeisterskapen 2009 på tysk heimebane i Berlin vart ho nummer ni med den tyske rekordtida 9.18,5.

I EM i friidrett 2012 i Helsingfors klarde ho ikkje å fylgje dei to beste, Gülcan Mıngır frå Tyrkia og Svitlana Shmidt frå Ukraina, på sluttrunda i hinderløpet. Men ho hadde ingen vanskar med å sikre seg ein bronsemedalje på 9.36,3. Ho deltok i hinderløpet også under Sommar-OL 2012 i London, og vart nummer sju.

Sin store triumf opplevde Möldner-Schmidt under friidretts-EM 2014 i Zürich. Her gjekk ho opp i leiinga på sisterunda i hinderløpet og hadde på oppløpet bra kontroll i kampen om gullmedaljen. Vinnartida vart 9.29,4.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]