Charlottetown

Koordinatar: 46°14′24″N 63°08′24″W / 46.240°N 63.1399°W / 46.240; -63.1399
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

46°14′24″N 63°08′24″W / 46.240°N 63.1399°W / 46.240; -63.1399

Charlottetown
by
Land  Canada
Del av Prince Edward Island
Areal 44,33 km²
Folketal 38 809 (2021)
Kart
Charlottetown
46°14′01″N 63°07′42″W / 46.233611°N 63.128333°W / 46.233611; -63.128333
Wikimedia Commons: Charlottetown

Charlottetown er ein by i Canada, og er provinshovudstad i Prince Edward Island. Byen har 32 175 innbyggarar (2006). Med kringliggande busetnad har byområdet 58 625 innbyggarar, noko under halvparten av provinsens samla innbyggartal på 135 851.

Gate i Charlottetown
Dronning Charlotte, Sophie Charlotte av Mecklenburg-Strelitz, måla av Joshua Reynolds.

I byen ligg Charlottetown varmekraftverk på 112 MW med diesel som brensel. Det er det største kraftverket i provinsen og blit nytta som topplast og når elektrisitetstilførsla frå fastlandet fell ut.

Charlottetown er oppkalla etter dronning Charlotte, ektefellen til kong George III.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Charlottetown