Chiese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chiese
elv
LocationChieseRiver.png
Land Flag of Italy.svg Italia
Lengd 160 km
Middelvassføring 36 /s
Kjelde Vedretta di Fumo i Monte Fumo ved Adamello i Trentino-Alto Adige
Munning Oglio
Wikimedia Commons: Chiese (river)

Chiese er ei elv i Trentino-Alto Adige i Italia og ei av sideelvane til Oglio frå venstre. Elva er 160 km lang og er det einaste utsiget frå Idrosjøen.

Elva har utspring i Adamellofjella i provinsen Trento og renn gjennom Val di Fumo og Val di Daone der ho dannar reservoara Lago di Malga Bissina og Lago di Malga Boazzo. Ved Pieve di Bono renn elva gjennom dei nedre dalane i Giudicarie og mottar vatn frå elva Adanà. Lenger sør renn ho ut i Idrosjøen nær Baitoni og inn i Lombardia og provinsen Brescia.

Etter elva har forlate innsjøen renn ho gjennom Val Sabbia til Roè Volciano. Her renn elva ut på Posletta og sørover gjennom Gavardo, Calcinato, Montichiari, Carpenedolo og Acquafredda. Ho renn inn i provinsen Mantova ved Asola og munnar ut i Oglio frå venstre i dalen Acquanegra sul Chiese.

I delen av elva oppfor Idrosjøen er det minst fire vassreservoar og tre vasskraftverk, som nyttar vatnet i elva.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]