Posletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Nord-Italia som viser Posletta

Posletta (italiensk Pianura Padana), ofte kalla Podalen, er eit stort geografisk område i Italia. Ho strekker seg 600 km frå vest til aust og elva Po renn over sletta frå Alpane til Adriahavet. Sletta strekker seg derimot austover i Veneto, der Po ikkje renn.

Posletta heller slakt frå ei høgd på om lag 500 meter sør i Piemonte (provinsen Cuneo) mot sjøen og elvedeltaet til Po. Mange sideelvar til Po renn på kvar side av sletta frå Alpane i nord og frå Appenninane i sør. Dei største sideelvane til Po er Tanaro, Scrivia, Trebbia, Panaro og Secchia i sør og Dora Riparia, Dora Baltea, Sesia, Ticino (frå Lago Maggiore), Adda (frå Comosjøen), Oglio (frå Iseosjøen) og Mincio (frå Gardasjøen, óg kalla Sarca i øvre delar) i nord.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Typisk landskap på den lågare sletta. Jordbruksland i Soresina i provinsen Cremona

I dei sentrale områda i vest, nord for Poelva, kan ein dele Posletta inn i eit øvre, tørrare område som ikkje passar like godt for jordbruk som resten av sletta, og ei sørleg, svært frodig og godt vatna områda som i Lombardia og det vestlege Emilia vert kalla la Bassa (den låge sletta). Denne delen av sletta vart kolonisert av romarane og nytta som jordbruksområde sidan mellomalderen. Den nordlege delen, som er mykje tørrare på grunn av det grovare og meir porøse jordsmonnet, vart i staden senter for økonomisk utvikling og industri i Italia, og etter kvart utvikla området seg til eit storbyområde som strekker seg nesten kontinuerleg frå Torino til Trieste. Minst 22 millionar menneske bur på sletta, inkludert Veneto og Friuli-Venezia Giulia, som teknisk sett ikkje er ein del av Poregionen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet på Posletta er mildt kontinentalklima. Vintrane er ikkje lang, men ofte tåkefulle (men mindre i dag enn tidlegare på grunn av effekten av urban oppvarming), fuktig og kjølig. I periodar får ein frost når Sibirlufta trengjer seg sørvestover. Snø var mykje vanlegare før, men i dag oppstår det ofte lengre tørkeperiodar på vinteren. Våren og hausten er behagelege tider på året, medan sommaren ofte er varm og fuktig. Om sommaren kan ein ofte få brå, kraftige haglbyger, og ein og annan gong oppstår det små tornadoar. Det er lite vind i området, bortsett frå nokre tilfelle med fønvind eller vind i samband med torevêr. Sidan Posletta er nesten lukka i alle kantar, har lite vind og roleg luft, fører trafikk og industri til mykje forureining, særleg om vinteren då kaldare luft gjer lufta ekstra stabil.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Det er først i nyare tid at Posletta har vorte urbanisert. I antikken var busetnadane her mykje mindre organisert enn lenger sør i Italia. Skogar og myrområde dekte store delar av sletta og dei første innbyggjarane ein kjenner til var ligurarar. Etter at det indoeuropeiske folket frå Umbria, kalla insubrarar kom til området på 600-talet fvt. vart dei sørlege og sentrale områda erobra og kolonisert av etruskarar, som har gjeve namn til byar som Parma, Ravenna og Felsina, det gamle namnet på Bologna. Etruskarane innførte urbane samfunn, men desse varte ikkje lenge. På slutten av 400-talet fvt. raste hordar av keltarar over sletta frå Dei vestlege Alpane og erobra det meste av Posletta, bortsett frå Veneto som var busett av ei blanding av etruskarar og grekarar.

Dei galliske erobrarane var delt inn i store stammer som Boii (Bononia--->Bologna), Taurini (---> Torino) og Cenomani og haldt seg stort sett på sletta, men med tida tok dei gradvis over dei meir alpine busetjingane. Dei var eit krigsfolk og drog mellom anna på plyndringstokt og brente Roma i 390 f.Kr. under Brennus. Det tok ei stund før romarane tok hemn, men den var total og endeleg: Keltarane vart driven bort og sjølv om keltisk språk sette sine preg på dialektar i området vart det erstatta med latinsk språk og kultur. Dette skjedde etter at romarane slo gallarane i slaget ved Clastidium og seinare la dei under seg for godt etter Hannibal sitt endeleg nederlag i Zama. Ved 196 f.Kr. styrte Roma dei skogkledde slettene og tok over rolla til etruskarane, avskoga området, utkjempa dei siste opprørske stammene og innførte gradvis sin eigen sivilisasjon.

Det sprang opp byar langs to linjer ved foten av Alpane og foten av Appenninane, i sør langs via Aemilia og i nord langs vegen mellom Milano og Aquileia. Julius Cæsar gav desse landområda romerske borgarskap, og rekrutterte mange av dei modigaste troppane sine frå området. Posletta og Milano var ein gong hovudstad i Vestromarriket, frå 286 til 403, og frå den tid Ravenna fram til Romarriket sitt fall. Germanske stammer gjekk til åtak på området frå Alpane på 200-talet og to hundreår seinare var Attila på plyndringstokt her. Det vart så erobra av Odoacer og kom så inn under austgotarane og kongen Teoderik den store mot slutten av 400-talet.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Den gotiske krigen og den justianske pesten råka Posletta hardt og utsletta nesten alt liv i dei store byane. Mange folk flykta til dei tryggare fjellområda (og gjorde dei ganske tett folkesett fram til 1900-talet) og dei germanske lombardarane tok over nesten heile Podalen. Regionen Lombardia har framleis namnet deira og i mellomalderen vart namnet nytta om heile Nord-Italia. Lombardarane delte området sitt inn i hertugdøme, som ofte krangla seg i mellom om trona. Torino, heilt i vest, og Friuli, heilt i aust, ser ut til å ha vore dei mektigaste, medan hovudstaden raskt vart flytta frå Verona til Pavia. Monza var òg ein viktig by på denne tida, medan Milano delvis låg i ruinar. Det harde kaste-liknande systemet til lombardarane vart noko mjuka opp då området konverterte frå arianism til katolisme.

Kongedømet Lombardia vart styrt i 774 av Karl den store og den frankiske hæren hans, og det vart ein del av Det karolingiske riket. Etter den kaotiske oppløysinga av riket og mange indre kampar om krona gjorde Otto I av Sachsen området til ein del av Det tysk-romerske riket i 962, der Venezia etter kvart utvikla seg til ei stormakt i allianse med Austromarriket. Etter kvart vart Milano den mektigaste byen sentralt på sletta i sjølve Lombardia, og trass i at byen vart plyndra i 1162 vart det det milanodrivne Lombardoforbundet med velsigning frå paven som slo keisar Fredrik I av Det tysk-romerske riket i slaget ved Legnano i 1176.

Venezia heldt fram med å vekse i aust på byrjinga av 1400-talet og Milano stod sterkt i sentrale og vestlege område.

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Den gode perioden tok slutt i 1494dei italienske krigane byrja og landområda vart kjempa om mellom Frankrike og Spania i mange år framover. Sjølv Sveits fekk nokre italiensktalande område i nord (Ticino, som teknisk sett ikkje er ein del av Poregionen) og det venetianske område vart invadert, slik at Venezia vart tvunge til nøytralitet resten av tida som sjølvstendig nasjon. Til slutt tok Spania over med Karl V sin siger over Frans I av Frankrike i slaget ved Pavia i 1525.

Spanjolane var undertrykkjande og tilhøva vart ikkje betre av motreformasjonen som erkebiskopen av Milano påtvang området. Protestantismen vart effektivt hindra frå tre inn i området. Det var i denne tunge perioden at industrien i Lombardia voks seg sterk, hovudsakleg innan tekstilproduksjon. Då Milano vart gjeve til Austerrike under den spanske arvefølgjekrigen vart ting raskt betre for byane, medan bøndene på landsbygda framleis leid stort.

Napoleon I kom til området under felttoga hans i 1796 og 1800, som kulminerte med det historiske slaget ved Marengo, vart området hovuddelen i Det napoleonske kongedømet Italia. Etter Napoleon sitt fall kom austerrikarane tilbake, men innbyggjarane i regionen hadde då oppdaga at dei kunne klare seg sjølve og austerrikarane var ikkje lenger ønska. Samstundes byrja det italiadominerte Huset Savoie å få meir makt vest i Piemonte.

Under samlinga av Italia vart Lombardia erobra av ein fransk-piemontisk hær og i 1866 vart Veneto ein del av det unge Italia. Fattigdom på landsbygda førte til at mange emigrerte til Amerika. Samstundes auka industrien kraftig i området og gav mykje arbeid til innbyggjarane i området. Dei to verdskrigane råka ikkje området særleg hardt, men dei store byane vart bomba av dei allierte.

Etter den andre verdskrigen var Posletta det mest utvikla området i Italia og var den viktigaste årsaka til den kraftige økonomiske veksten i Italia på 1950- og 1960-talet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]