Oglio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oglio
elv
none  Plasseringa til Ogli
Plasseringa til Ogli
Land Italia
Lengd 280 km km
Nedslagsfelt 6 649 km² km²
Middelvassføring 130 m³/s /s
Kjelde Corno dei Tre Signori
 - høgd 2 600 moh moh
Munning Po, nær Torredoglio, provinsen Mantua
Wikimedia Commons: Oglio

Oglio er ei elv i Lombardia i Italia og ei av sideelvane til Po frå venstre med ei lengd på 280 km.

Oglio oppstår der dei to fjellelvane Narcanello frå Presenabreen og Frigidolfo frå Ercavallosjøen i Stelvio nasjonalpark renn saman. Desse to elvane har sine kjelder ved Corno dei Tre Signori i ei høgd 2 600 meter over havet. Elva renn saman nær Pezzo di Ponte di Legno.

Ogilo renn sørvestover gjennom Valcamonica og så Iseosjøen. Ho munnar ut i Po etter å ha passert fleire morener ved Torredoglio, ikkje langt frå Cesole og Scorzarolo i provinsen Mantua. Ho har eit nedslagsfelt på 6 649 km². Ho er ein del av det større Po-Adige-flodområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]