Hopp til innhald

Chiloéøya

Chiloé-øya
Geografi
StadChiloé-arkipelet
Koordinatar42°40′36″S 73°59′36″W / 42.67667°S 73.99333°W / -42.67667; -73.99333
Areal8394 km²
Administrasjon
LandChile
Region
Provins
Los Lagos-regionen
Chiloé-provinsen
Største busetnadCastro (41667 innb.)
Demografi
Folketal154775 (2002)
Folketettleik18,44 /km²

Chiloé-øya (spansk Isla de Chiloé, òg kjend som Isla Grande de Chiloé) er den største øya i Chiloé-arkipeletstillehavskysten av Chile. Øya ligg i det sørlege Chile, i regionen Los Lagos.

Med eit areal på 8394 kvadratkilometer, er Chiloé-øya den nest største øya i Chile, etter Storøya i Eldlandet, og den femte største i Sør-Amerika. Ho er skilt frå det chilenske fastlandet ved Chacaosundet i nord, og av Ancudbukta og Corcovadobukta i aust. Stillehavet ligg mot vest, og Chonos-skjergarden ligg sør, over Boca del Guafo. Øya er 190 km frå nord til sør, og gjennomsnitt 55-65 km brei. Hovudstaden er Castro på austsida av øya; den nest største byen er Ancud, på øya sitt nordvestlege hjørne, og det er fleire mindre hamnebyar på austsida av øya, slik som Quellón, Dalcahue og Chonchi.

Chiloé-øya og Chonos-arkipelet er ei sørleg forlenging av det chilenske kystområdet, som går nord og sør, parallelt til stillehavskysten og Andesfjella. Valle Central ligg mellom Dei chilenske kystfjella og Andesfjella, kor Ancudbukta og Corcovadobukta dannar den sørlege forlenginga. Fjella strekker seg nordover og sørover langs midten av øya. Austkysten er djupt innskoren, med fleire naturlege hamner og ei rekkje mindre øyar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Chiloéøya