Hopp til innhald

Chitral

Koordinatar: 31°32′59″N 74°20′37″E / 31.54972°N 74.34361°E / 31.54972; 74.34361
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

31°32′59″N 74°20′37″E / 31.54972°N 74.34361°E / 31.54972; 74.34361

urdu چترال Citrāl
khowar C̣hetrar
Styresmakter
Land
Pakistan
Geografi
Flatevidd 35,9 km²
Flatevidd
 - By

14 850 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)

20 000
Høgd over havet 1517 m
Tidssone Pakistantid (UTC)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 0943
Heimeside: http://www.chitral.gov.pk/

Chitral er namnet på ein by, ein dal, ei elv og eit distrikt i Malakand Division i Den nordvestlege grenseprovinsen i Pakistan. Byen har om lag 20 000 innbyggjarar og distriktet om lag 300 000. Fram til 1970 var Chitral ein fyrstestat.

Chitraldalen.

Chitraldalen grensar til fjellkjeda Hindukush i nord, og det høgaste fjellet, Tirich Mir (khowar Teric Mer) kan sjåast lengst nord. Elva Kunar renn gjennom dalen, og ein dyrkar kveite, bygg, mais, ris, valnøtt, aprikos og morbær i terrassar i dalsidene.

Hovudspråket i Chitral er det dardiske språket khowar. Eit anna dardisk språk, kalasha, blir tala i eit sidedalføre til Chitral-dalen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Chitral