Chris Lowe
| Chris Lowe | |||
| Chris Lowe (venstre) med Neil Tennant under ein Pet Shop Boys-konsert i Boston i 2006 | |||
| Fødd | 4. oktober 1959 (66 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Blackpool i Lancashire i England | ||
| Fødenamn | Christopher Sean Lowe | ||
| Opphav | Storbritannia | ||
| Aktiv | 1981 til i dag | ||
| Sjanger | Synthpop, dance, IDM, pop, electropop, electronica | ||
| Instrument | Synthesizer, piano, elektroniske trommer, vokal, klaverinstrument | ||
| Kjende instrument | Fairlight CMI Korg Triton Extreme Korg M3 Emu Emulator | ||
| Tilknytte artistar | Pet Shop Boys | ||
| Plateselskap | EMI, Parlophone, Spaghetti | ||
| Verka som | Musikar, klaverspelar | ||
Christopher Sean «Chris» Lowe (fødd 4. oktober 1959)[1] er ein engelsk musikar som i lag med Neil Tennant utgjer popduoen Pet Shop Boys.
Sjølv om Lowe ikkje har vore involvert i mange soloprosjekt, skreiv han og produserte i 1993 songen «Do the Right Thing» for fotballspelaren Ian Wright (Lowe er stor Arsenal F.C.-fan).[2] I 2004 skreiv Lowe musikk for ein reklamekampanje for solkremen Blockhead. Songen enda opp i ei remiksa form på ei chill-out-samling kalla Café Mambo.
I 1995 dukka han opp som seg sjølv i den australske såpeoperaen Neighbours.[3]
Etter Pet Shop Boys byrja å halde faste konsertar, vart Lowe kjend for å stå heilt stille medan han spelte klaverinstrument på scenen.[4] I 1995 skreiv The Guardian at han var «kanskje meir kjend enn nokon andre i popindustrien for å gjere nesten ingenting».[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chris Lowe» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Pet Shop Boys Official Site, History Section». Petshopboys.co.uk. Henta 16. mai 2016.
- ↑ «Absolutely Pet Shop Boys Unofficial web site – RADIO 2 CONCERT Literally 30». Petshopboys.net. 7 Mai 2006. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 16. mai 2016.
- ↑ «Chris Lowe (Pet Shop Boys) in Neighbours». YouTube. 2 January 2007. Henta 16. mai 2016.
- ↑ Harrison, Andrew (April 2006), «The Pet Shop Boys talk for Britain», The Word (38), s. 98–106
- ↑ Bracewell, Michael (15 July 1995), «Pop perfection», The Guardian, s. T012
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell Pet Shop Boys-side
- Chris Lowe-diskografi på Discogs
- Chris Lowe ved The Internet Movie Database (IMDb)