Neil Tennant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neil Tennant

Neil Tennant med Pet Shop Boys i Boston i 2006
Fødd10. juli 1954 (69 år)
FødestadNorth Shields i Tyneside i England
FødenamnNeil Francis Tennant
OpphavStorbritannia
Aktiv1981 til i dag
SjangerSynthpop, dance, electropop, electronica, alternativ dance
InstrumentVokal, klaverinstrument, synthesiser, gitar
Stemmetypetenor, kontratenor
Tilknytte artistarPet Shop Boys, Electronic
PlateselskapEMI, Parlophone, Spaghetti
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, musikkjournalist

Neil Francis Tennant (fødd 10. juli 1954) er ein engelsk musikar, songar og låtskrivar og medlem av duoen Pet Shop Boys, som han starta med Chris Lowe i 1981. Han var òg journalist og assisterande redaktør for Smash Hits i midten av 1980-åra.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Som tenåring var Tennant interessert i teater før han fronta det lite kjende bandet Dust. Han arbeidde så som redaktør i Marvel Comics før han vart journalist i magasinet Smash Hits. Tennant starta Pet Shop Boys i London i august 1981 etter å ha møtte Chris Low i ein elektronikkforretning. Dei oppdaga at dei delte lidenskapen for dansemusikk og synthesizerar og dei ønskte med ein gong å starte eit band i lag. Karrieren til duoen skaut først dart då Tennant møtte produsenten Bobby "O" Orlando, medan han var på jobb som journalist. Orlando produserte den første singelen deira, «West End Girls» i 1984. Songen vart ein mindre hit i USA, men selde dårleg i Storbritannia, og oppfølgjaren «One More Chance», gjorde det heller ikkje særleg bra. Då Pet Shop Boys fekk kontrakt med EMI gav dei i 1985 ut «Opportunities (Let's Make Lots of Money)», men heller ikkje denne selde særleg godt. Det verka ikkje som om duoen hadde noko framtid, då dei gav ut ein ny versjon av «West End Girls, produsert av Stephen Hague, og songen vart ein internasjonal bestseljar. Den massive suksessen til singelen førte debutalbumet til Pet Shop Boys, Please inn på topp 10 i Storbritannia, og då «Opportunities» vart gjeven ut på ny, vart denne òg ein hit. I 1987 gav duoen ut Actually, med tre hitsinglar, «It's a Sin», «Always on My Mind» og «What Have I Done to Deserve This?», ein duett mellom Tennant og Dusty Springfield. Eit år seinare gav Pet Shop Boys ut den tredje plata si, Introspective med singelen «Domino Dancing». Duoen samarbeidde med mange artistar, som Liza Minnelli i 1989.

Tennant var òg med i gruppa Electronic i lag med den tidlegare New Order-frontmannen Bernard Sumner og den tidlegare Smiths-gitaristen Johnny Marr. Dei fekk ein hit med singelen «Getting Away With It». The Pet Shop Boys kom saman att i 1990 og gav ut Behavior. I 1991 fekk dein ein hit med ein medley av U2 sin «Where the Streets Have No Name» og Frankie Valli sin «Can't Take My Eyes Off You».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]