Christel
Utsjånad
Kristel og Christel er kvinnenamn som opphavleg er tyske kjæleformer av Kristina. Det namnet kjem frå Kristian og betyr 'kristen'. Andre stavemåtar for namnet er Cristel og Christl, sistnemnde særleg i Austerrike. Det engelske namnet Crystal, og stava Christal, kan vera påverka av namnet.
Christel har namnedag i Noreg og Sverige den 15. mars.
Det er 600 kvinner som heiter Christel og 190 som heiter Kristel i Noreg (2009).
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Christel Goltz (1912–2008), tysk songar
- Christl Haas (1943–2001), austerriksk alpinist
- Christel Wegner (f. 1947), tysk politikar
- Christel Schaldemose (f. 1967), dansk politikar
- Christel Pascal (f. 1973), fransk alpinist
- Christel Sundberg (f. 1982), finsk artist kjend som Chisu
- Christel Alsos (f. 1984), norsk songar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Christel hjå Statistisk Sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Christel» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mars 2009.