Christel Alsos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christel Alsos
Christel Alsos at Zero 2010.jpg
Christel Alsos, 2010.
Fødenamn Christel Alsos Monsen
Fødd 20. desember 1984 (31 år), Fauske i Nordland i Noreg
Instrument Vokalist, gitar
Sjanger Pop
Aktive år 2004 til i dag
Yrke Vokalist, låtskrivar
Plateselskap Columbia, Sony Music
Nettstad www.christelalsos.no

Christel Alsos er artistnamnet til Christel Alsos Monsen (fødd 20. desember 1984), ei norsk songarinne frå Fauske i Nordland fylke.

Etter å ha opptrådd på TV-programmet Noen BedreNRK hausten 2004 vart ho oppdaga av plateselskapet Sony BMG, som ho teikna kontrakt med.

Den første utgjevinga hennar var singelen «Come On» i 2006. Denne vart godt motteke av norske radiostasjonar og kom inn på Hit40 i november 2006. Debutalbumet Closing the Distance kom ut 15. januar 2007 og selde 30 000 på tre månader, noko som gjorde henne til ein av dei bestseljande kvinnelege artistane våren 2007. Ho er vorte nominert til Spellemannprisen fire gonger: til Spellemannprisen 2006 i klassa årets musikkvideo for «Come On», til Spellemannprisen 2007 i klassene årets nykomar og kvinneleg artist for albumet Closing the Distance og til Spellemannprisen 2010 i klassa kvinneleg artist for hennar andre album Tomorrow Is.

Alsos' songar «Found» og «When the Light Dies Out» har vorte brukt i TV-serien Vampire Diaries.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Closing the Distance (2007)
  • Tomorrow Is (2010)
  • Presence (2013)
  • I den kalde vinter (2013)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • Come On (2006)
  • Suzanne (2009)
  • Conquer (2012)
  • I den kalde vinter (2013)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]