Christian Blichfeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Blichfeldt
Fødd 3. mars 1784
Sæby
Død

2. april 1875 (91 år)

Yrke offiser, tollar, politikar

Christian Blichfeldt (3. mars 17842. april 1875) var ein norsk offiser, tollar og stortingsmann.

Blichfeldt var fødd i Sæby i Danmark. Han vart student i 1800. I 1808 kom han til Noreg, vart då forfremja til sekondløytnant i Oplandske infanteriregiment, premierløytnant året etter. Frå 1819 kaptein 1. akershusiske infanteribrigade. I 1826 vart han konstituert matrikkelkommissær i Aker og Follo. Frå 1832 var han medlem av matrikkelkommisjonen for Noreg. Sidan 1839 var han tollkasserar, fyrst i Holmestrand, deretter frå 1846 i Drammen. Han forlet dette embetet i november 1874, 90 år gammal.

Blichfeldt var 3. representant frå Akershus amt på Stortinget i 1830, var då mellom anna sekretær i kjøpstadkomiteen. Stortingsrepresentant på ny, 1845, då for Holmestrand, medlem av militærkomiteen. Under tida i Holmestrand var han ordførar 1841-44.

Han døydde i 1875.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]